443 Folkemusikk, bachelor

Innledning

Bachelorstudiet i folkemusikk er eit treårig studium der dei to første åra inneheld ei innføring, og vidare ei fordjuping, innan emnet norsk folkemusikk. Det tredje året skal styrkje profilen til bachelorgraden og er ikkje nødvendig knytt til studiestaden Rauland. Ein kan nevne at folkemusikkstudiet har gode kontaktar med nordiske og andre europeiske folkemusikkutdanningar, der det kan vere aktuelt å vere ei tredje studieår.

Målgruppe og opptakskrav

Bachelorstudiet i folkemusikk er eit tilbod til dei som er interessert i utøving av folkemusikk og i formidling av norsk folkemusikk. Opptakskrav er studiekompetanse eller realkompetanse.

Mål for studieprogrammet

Bachelorstudiet i folkemusikk skal gje studentane ei innføring i, og vidare ei fordjuping i , norsk folkemusikk.

Den utøvande og formidlande sida vert vektlagt, særleg i det andre året. Studentane vel eit hovudinstrument dei vil arbeide med dei to første åra. I det tredje året kan studentane sjølv velje eit fagområde som styrkjer bachelorstudiet og gjev det ein profil, anten gjennom praktiske eller teoretiske studium.

Videre studiemuligheter

Bachelorstudiet i folkemusikk kan vere eit grunnlag for opptak til masterstudiet i tradisjonskunst, eller andre masterstudium.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


emneoversikt
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
60FMUS1 Folkemusikk 1 60,00 O 30 30        
60FMUS2 Folkemusikk 2 60,00 O     30 30    
Sum: 30 30 30 30 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Bachelorstudiet i folkemusikk er sett saman av Folkemusikk I, FolkemusikkII og eit tredje studieår. Det tredje året kan du ta ved Institutt for folkekultur i Rauland, en annen avdeling ved HiT, eller ein annan høgskole eller universitet. Grunnfag i humanistiske fag og samfunnsfag eller eitt år ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet er også alternativ i tredje studieår.

Arbeids- og læringsformer

Arbeids- og undervisningsformer i studiet er forelesingar, individuell undervisning (hovudinstrument), gruppeundervisning, seminar, ekskursjonar, heimeoppgåver og prosjektarbeid. Konsertverksemd, kappleiksarrangering og undervisningspraksis er også aktuelt i periodar av studietida.

Forholdet mellom teori/praksis

Målet med praksisen er å gje studentane ei praktisk røynsle med å formidle folkemusikk til andre, anten i samanheng med arkivarbeid, utøvande verksemd eller allmenn formidling og undervisning. Emnet må sjåast i nær samanheng med folkemusikkformidling og relevant teori.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er skriftlege prøver og munnlege framføringar av praktisk (oppspel) eller teoretisk art. I tillegg kjem individuelle prosjektoppgåver og rapportar. Nokre av arbeidskrava vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent medan andre vert vurdert med karakter (sjå studieplan for årsstudium i folkemusikk og for folkemusikk/fordjuping).


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Frode Nyvold <Frode.NyvoldSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Liang Xiaoli - 27.09.2007