303 Kulturformidling og leiing, deltidsstudium, årsstudium

Innledning

Studieplanen er som for opptaket hausten 2006, og det er berre opptak til Modul II hausten 07.

Målgruppe og opptakskrav

Opptaksgrunnlaget er generell studiekompetanse, med dei unnatak og overgangsordningar som følgjer av regelverket. Ein kan gjennomføre ein eller fleire modular. Det vil bli skrive ut karakterbevis for dei einskilde modulane.

Mål for studieprogrammet

Studietilboda har to målsetjingar. Det tek sikte på å gi studentane ei heilskapleg forståing for det rom og dei vilkår kulturlivet har i samfunnet, og gi kompetanse i emna kulturformidling/ kulturadministrasjon/ kultur og leiing. Studia rettar seg mot tilsette i den kommunale og fylkeskommunale kultursektoren, mot private og offentlege musikk- og kulturinstitusjonar og -organisasjonar og mot arrangørar. Studia vil også vera relevante for dei med kunstnarleg og/eller pedagogisk bakgrunn og for dei som arbeider med informasjon og formidling generelt.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Ny fagblokk
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
3489 Kultur- og musikkadministrasjon, Modul I 30,00 O 15 15    
3494 Kulturadministrasjon og leiing - Modul
II
30,00 O     15 15
Sum: 15 15 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Arbeids- og læringsformer

Oppbygging, undervisnings- og læringsformer
Studia er lagt opp slik at det skal vere mogleg å kombinere studiet med fulltidsarbeid. Studia er basert på ein kombinasjon av undervisning, veiledning, sjølvstudium og løysing av oppgåver. Kjernen i undervisninga er to vekesamlingar pr. semester med to introduksjonsdagar i det første semester knytt til første samling. Det nettbaserte undervisingssystemet ClassFronter vil vere eit vesentleg hjelpemiddel i undervisinga, og utanom samlingane vil det vere kontakten mellom kursleiing, førelesarar og deltakarar. Det er derfor ein føresetnad at studentane har tilgang til Internett og e-post.

Pensum

Pensum er 5000 sider hvorav 1400 sider er sjølvvald pensum knytt til oppgåveskrivinga fordelt på bolk I og II.

Vurderingsformer

Skriftlig gruppeoppgåve i haustsemesteret som tel 40 %, avsluttande skriftleg individuell oppgåve i vårsemesteret som tel 60 %. Ein nyttar bokstavkarakterar, der A til E er bestått, og F er ikkje bestått. Alle oppgåvene må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Ralph Ingemar Stålberg <Ralph.StalbergSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Birgit Norendal - 12.12.2007