523 Engelsk, fordypning
Målgruppe og opptakskrav
Studiet er ei vidareføring og spesialisering av emne frå årsstudiet og gjev såleis ein meir omfattande og detaljert kunnskap om dei tema som emna omfattar.
Opptakskrav er fullført årsstudium (60 studiepoeng) i engelsk eller tilsvarande utdanning. Målgruppa er alle som ønskjer seg ei styrking av engelskkompetansen i forhold til årsstudiet.
Videre studiemuligheter
Engelsk fordjuping i ein bachelorgrad må vere på minst 20 stp. i tillegg til årsstudiet på 60 stp. Bachelorgrad med slik fordjuping vil vere grunnlag for opptak til masterstudium i engelsk.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Engelsk fordjuping
|
Studiet, som går i haustsemesteret, byggjer på årsstudiet i engelsk, og kan nyttast som del av BA-gradar med forskjellige former for fordjuping i engelsk. Påbyggingsstudiet kan gi grunnlag for masterstudium i engelsk, men ein gjer merksam på at kravet til fordjupning for opptak til mastergrad varierar frå ein institusjon til ein annan. Til dømes kan det vere krav om eksamen i lingvistikk (2701 Lingvistikk). Påbygging ved universiteta må difor avklarast med det universitetet der ein søkjer om opptak til slikt studium.Studiet er sett saman av emne på 10 studiepoeng. Eitt er normalt innan litteratur og kulturkunnskap, og eitt innan språk.
Vi gjer merksam på at det kan bli gjort endringar i kva for emne som blir tilbudne.
Arbeids- og læringsformer
Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå emne til emne, men inkluderer både forelesingar, seminar, skriftleg og munnleg prosjektarbeid og innleveringar. All undervisning går føre seg på engelsk.
Vurderingsformer
Alle emna vil ha ei blanding av undervegsvurdering og sluttprøving. Formene vil variere frå emne til emne, men vil inkludere både heimeoppgåver, munnleg eksamen og skriftleg skoleeksamen.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ralph Ingemar Stålberg - 12.06.2008