516 Forfattarstudium, årsstudium

Målgruppe og opptakskrav

Studiet er eit tilbod til alle som vil klargjere sitt forhold til skjønnlitterær skribentverksemd. Det kan vere forfattarar med fleire publiserte verk, eller debutantar og skribentar som har sendt inn manuskript til vurdering i forlag - men det kan også vere personar som ikkje tidlegare har stått fram offentleg med sine tekstar.

Opptak skjer på grunnlag av innsende tekstprøver i tillegg til kravet om generell studiekompetanse. Tekstprøvene kan vere publiserte eller upubliserte, eller eventuelt dokumentert tidlegare skribentverksemd
Det som tel ved opptak ved sida av kravet om generell studiekompetanse, er at ein dokumenterer evne til skjønnlitterær framstilling av eit stoff.
Publisert og upublisert stoff vil bli vurdert på same måte av opptakskomitéen, som er samansett av ein representant frå Den norske Forfattarforening og to av dei tilsette ved forfattarstudiet.

Tekstene bør omfatte 10-15 sider prosa, eller tilsvarande mengde lyrikk/dramatikk. Om søkjaren ønskjer det, kan det gjerne leggast ved eit personleg brev.
Alt materiale som søkjaren ønskjer vurdert av opptaksutvalet, må sendast inn i 3 eksemplar.
Innsende tekstprøver skal danne grunnlaget for den første delen av arbeidet i skriveverkstaden.

Mål for studieprogrammet

Studieåret skal vere ei tid for forsøk og refleksjon, og innhenting av kunnskapar knytta til ein skjønnlitterær praksis - kunnskapar som elles må hentast frå fleire ulike fagdisiplinar og studieområde innan humaniora. I forfattarstudiet skal desse førast saman og tene som styring av det medvitne arbeidet og den eigne skapande prosessen. Difor legg ein i studiet like stor vekt på teoretiske emne som på praktisk skriving.
I løpet av studieåret vil det bli gitt eit oversyn over den aktuelle litterære situasjonen i Noreg. Dette oversynet vil ikkje berre gjelde bokskriving - også forfattarskap innan andre media (radio, TV, film, teater m.v.) vil bli tatt opp.

Det er ingen føresetnad at alle studentane tek sikte på å bli profesjonelle skjønnlitterære forfattarar. Det som tel, er skriveevne og behov for å arbeide med si eiga skriftlege uttrykksform. Studiet gir heller ingen automatisk kompetanse når det gjeld evt. seinare forfattarverksemd.

Videre studiemuligheter

Forfattarstudiet gir uteljing med 60 sp som kan inngå i bachelorgradar etter søknad.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Forfatterstudium
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
2503 Skriveverkstaden 40,00 O 15 15
2504 Litteraturteori 20,00 O 15 15
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Det skapande arbeidet, "litteraturproduksjonen" med påfølgjande drøftingar og analyse, står sentralt i studiet. Dei andre to hovuddelane i studiet skal gi perspektiv på dette arbeidet, og dessutan kunnskapar om forfattaryrkets meir praktiske sider. Slik vil ein kunne oppnå eit breitt oversyn, og einskild-seminara vil kunne gi fordjuping innafor avgrensa felt.
Oversikt over ein del sentrale seminaremne:

  • Genrestudiar
  • Møte med forlagskonsulent/forlagsredaktør
  • Møte med kritikarar (dagsavis og/eller tidsskrift)
  • Møte med einskilde forfattarar
  • Barne- og ungdomslitteratur
  • Manuskriptarbeid for teater
  • Psykoanalytiske tilnærmingsmåtar i litteraturforståinga
  • Tekst/bilde. Tekst/musikk.
  • Litteraturpolitikk
  • Praktisk manuskriptarbeid for skjønnlitterære bøker
  • Medieseminar

Arbeids- og læringsformer

Undervisninga i den teoretiske delen vil ha form av førelesingar og gruppedrøftingar, medan skriveverkstaden vil veksle mellom individuelt skapande arbeid, samarbeid i smågrupper, tekstgjennomgangar i plenum og individuell rettleiing/konsultasjonar. Som leiar(ar) av skriveverkstaden vil ein eller fleire erfarne forfattarar delta, og denne delen vil meir ha karakter av samarbeid og felles utprøving av skjønnlitterære arbeidsformer, enn av vanleg undervisning.
Det første semesteret vil vere prega av generelle teoretiske og praktiske problemstillingar, medan det andre semesteret vil gi meir rom for fordjuping innan særområde, og konsentrasjon omkring framdrift av eigne litterære prosjekt.

Det vil bli nytta eksterne førelesarar/innleiarar, med særleg ekspertise innan vedkomande felt.

Studiet er samansett av tre hovuddelar, som går parallelt gjennom heile studiet

A . Teoretisk del
Stil- og formspråkhistorie, genrekunnskap, introduksjon til litteraturen i vårt hundreår, liner i norsk samtidslitteratur, aktuell litterær debatt i Noreg.
Litteratur og samfunn
Litterære kretsløp, historisk utvikling av boklesing, forfattaren i samfunnet, norsk litteraturpolitikk, forlagsstruktur, organisasjonskunnskap, formidlingsformer.

B. Skriveverkstad
Arbeid med eigne tekster, litterær produksjon med ulike utgangspunkt og påfølgjande drøfting/analyse. Arbeid med individuelle litterære prosjekt.

C. Seminar
Genrestudiar, forlagskonsulentens rolle, litteraturkritikken, møte med utvalde lyrikarar, prosaistar og dramatikarar, praktisk manuskripttilrettelegging, litteraturformidling, radioteater, fjernsynsteater, filmmanuskript, barne- og ungdomslitteratur, litteraturpolitikk.

Seminara skal tilby fordjuping innafor avgrensa felt - men samstundes skal seminara vere lagt opp slik at dei ulike emna kan belyse kvarandre, og vise ulike innfallsvinklar. Det vil bli veksling mellom eindags-seminar og seminar over to-tre dagar. Størstedelen av seminarverksemda vil skje på høgskolen, men det kan også bli arrangert ekskursjonar.

Forholdet mellom teori/praksis

Praktiske skriveøvingar, analyse, arbeid med eigne litterære prosjekt.

Vurderingsformer

Vurderingsforma vil vere tredelt

1. Studentane skal vere representert med ca 15 s tekst i eit tekstantologi som studentane ferdigstiller ved slutten av studieåret. Antologiteksta skal vurderast til bestått.

2. Det skal leverast ei skrftleg heimeoppgåver knytta til minst tre av emnebolkane som studiet gir undervisning i. Tils. minst 30 sider. Studentane skal levere liste over fullførde heimeoppgåver innan nærmare oppgitt frist.

3. Studentane skal ha ei munnleg prøve i teoridelens pensum.

Prøvene blir vurdert til Godkjent/Ikkje godkjent


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 05.01.2007