515 Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar, årsstudium
Målgruppe og opptakskrav
Studiet er eit tilbod til utanlandske studentar som planlegg vidare studiar i Noreg.
Søkjaren må fylle dei allmenne opptakskrava ved ein høgskole, der det inngår krav om engelskkunnskapar etter nærare retningliner. Det krevst ikkje kunnskapar i norsk språk før opptak.
Mål for studieprogrammet
Studiet har som formål å gje studentane kunnskap og dugleik som trengst for å kunne studere ved norske høgskolar og universitet. Det blir lagt særleg vekt på å gje studentane gode allmennkunnskapar i norsk språk. Studiet skal også gjere det lettare for studentane å finne seg til rette i det norske samfunnet.
Videre studiemuligheter
Bestått studium med eksamensresultat dekkjer norskkravet ved opptak til studium i Noreg.
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar
|
Studiet er samla om to fagområde: norsk språk og norsk samfunnskunnskap. Under studiet skal desse fagområda mest mogleg sjåast i samanheng. Hovudvekta blir lagd på norsk språk, særleg praktisk språkdugleik.
Arbeids- og læringsformer
Forelesingar, gruppearbeid, øvingar og heimearbeid. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Studentar som har vore borte frå undervisninga meir enn ein firedel, får normalt ikkje høve til å gå opp til eksamen. Det er også obligatoriske ekskursjonar og vinterveke på fjellet. Studentane må kalkulere med ei utgift til dette på kr 1500 - 2000.
Vurderingsformer
Studiet blir avslutta med to skriftlege eksamenar, ei semesteroppgåve og munnleg prøve der kvar eksamensdel tel likt. Alle eksamensdelane må vere bestått for å få bestått studium. Det blir gitt ein samla karakter for fullført årsstudium.
Ved vurderinga av eksamensprøvene blir det brukt karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og E er dårlegaste ståkarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 11.01.2007