Filmformidling 210

Læringsmål

Studentane skal utvikle ei heilskapleg forståing av filmkulturen sin plass i samfunnet, både på eit praktisk og eit teoretisk plan. Dei skal vidare kunne drøfte og hjelpe til med å gjennomføre mål og oppgåver innanfor det offentlege og private filmformidlingsfeltet.

Innhold

Kurset inneheld tre hovudemne:
1. Å sjå, oppleva og analysere film.
Dei levande bilda sine forteljingselement og dramaturgi
Grunnleggjande filmteoretiske problemstillingar
Vurdering av film/drøfting av kvalitetsomgrepet
Praktisk formidling av film gjennom munnlege og skriftlege presentasjonar

2. Filmens estetiske og sosiale historie.
Liner og samanhengar i filmhistoria
Ulike syn på filmen sin funksjon, filmoppleving og filmformidling

3. Organisering og praktisering av ulike former for formidling av film i Norge.
Offentleg film- og mediepolitikk/målsettingar og rammevilkår
Dei viktigaste institusjonane og organisasjonane på filmområdet
Produksjon, import, distribusjon og vising av film
Frå tradisjonell film til digital framtid
Tradisjonelt presse- og informasjonsarbeid som reiskap i formidling av film og nyare former for publikums- og brukarkontakt som for eksempel internett

Organisering

Forelesingar og seminar over to semester, fagturar, framleggingar av skriftleg arbeid for godkjenning og munnlege øvingar. Kurset nyttar kommunikasjon via intranett som supplement til ordinære undervisningsformer.

Det er krav om 80% deltaking på timeplanlagde seminar/prosjekt. Ved meir enn 20% fråver vert det halde ei munnleg prøve i pensum. Obligatorisk deltaking på alle felles fagturar for heile årskullet. Ved manglande deltaking må studenten skrive ein rapport som tek føre seg det faglege innhaldet for turen. Det er ikkje eit krav at studentane skal vere til stades ved all undervisning. Ein rår likevel til at undervisninga blir følgt regelfast.

Vurderingsformer

Obligatorisk skriftleg oppgåve som tel 40 % av samla karakter. Skriftleg individuell 5-timars eksamen som tel 60 %. Graderte karakterar. Både oppgåve og slutteksamen må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter  <>, <>, sist oppdatert av Birgit Norendal - 03.03.2008