IKT - formidling og publisering 3316

Læringsmål


Del I - Vevpublisering:
Hovudmålet er å gjere humaniora- og kulturstudentar i stand til å publisere på verdsveven. Gjennom teoretisk pensum og praktiske øvingar skal studentane få kjennskap til korleis Internett er bygd opp, korleis det fungerar og kva det kan nyttast til.

Del II - Digitale bilde, video og presentasjonsverktøy
Modulen skal gi studentane innsikt i og erfaring med korleis moderne teknologi kan brukast for å handtere digitale bilde og digital video på veven og i presentasjonsverktøy på ein effektiv måte.

Innhold

Del I:
Internettet sin oppbygging og virkemåte. HTML-standarden og andre dokumentstandardar som er relevante for veven. Utvikling av statiske webdokument med stilreglar. Innføring i kva som er god vevdesign. Bruk av lyd, bilde og video på veven. Praktiske øvingar i utvikling og publisering av vevsider ved hjelp av egna programvare.

Del II :
Teori om og øving i grunnleggande teknikkar for fangst, omforming, lagring og presentasjon av digitale bilde og digital video. Bruk av utstyr som kamera, skannere og videoprosjektor. Presentasjonsverktøy som f eks PowerPoint.

Organisering

Del I: 7 leksjonar, kvar på tre timar i pc-lap

Del II: Totalt 7 leksjonar, kvar på 3 timer forelesning og 3 timar øving på pc-lab.

Vurderingsformer

Individuell innleveringsoppgåve som tel 40 % av karakteren i emnet, 4 timars avsluttande skoleeksamen som tel 60%. Både Del I og Del II blir prøvd i både innleveringsoppgåva og slutteksamen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 08.10.2008