Kulturhistorie 3311
Læringsmål
Studenten skal tileigne seg grunnleggjande kunnskapar om og forståing for norsk kultur og kulturelle prosessar i eit historisk perspektiv. Dei skal kunne gjere greie for og syne innsikt i kulturelle tema, og kunne relatere desse til andre samfunnstilhøve i samtida.
Innhold
Kurset gir ei innføring i norsk kulturhistorie i tidsromet 1800-1950, og omfattar følgjande hovudtema/-delar:
- Ein innføring i materiell og immateriell kulturarv
- Hovudtrekk i økonomiske og sosiale endringar
- Sentrale trekk ved samværs- og samarbeidsformer i bygd og by
- Idéar og førestellingar
- Delkulturar i det norske samfunnet
- Nasjonsbyggingsprosessen
Organisering
Forelesingar, gruppearbeid og fagturar.
Vurderingsformer
Obligatorisk heimeoppgåve i grupper som tel 30 % av samla karakter. Skriftleg individuell 5-timars eksamen som tel 70 %. Graderte karakterar. Både heimeoppgåve (30%) og slutteksamen (70%) må vere stått for å få stått i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 03.04.2008