Opplysningstida 3356

Læringsmål

Kurset har som mål å gi studentane ei fordjuping i sentrale idémessige brot innanfor det 18. hundreåret sitt intellektuelle og kulturelle liv. 1700-talet blir ofte kalla "opplysningstida", samtidig som det gjerne blir framheva at det i løpet av dette hundreåret voks fram ei rekke tenkemåtar som går inn i det kulturelle komplekset som blir kalla "moderniteten". Derfor vil det i kurset bli lagt stor vekt på å vise korleis opplysningstida sine idémessige brot har nedfelt seg i det moderne menneske sitt røyndoms- og sjølvforståing.

Innhold

Av det samla kurspensum på ca. 800 sider, er vel 500 sider av originaltekstar frå perioden. Dette er tekster som inngår i ulike debattkontekstar, og ein har i kurset vald å fokusere på 6 tematisk avgrensa hovudkontekstar: (1) Opplysning, toleranse og tru på framskrittet ; (2) kva er mennesket?; (3) mennesket i samfunnet; (4) religionskritikk og gudsforsvar; (5) estetiske idear i brytning; (6) kunnskapsteori.
Ein vil gjennom kurset vise korleis ulike tankar og posisjonar blir brotne mot kvarandre innanfor dei ymse debattkontekstane, samtidig som ein vil synliggjere samanhengar mellom dei ulike kontekstane. Originallitteraturen består i hovudsak av filosofiske og skjønnlitterære tekster.

Organisering

Forelesingar og seminar inntil 3 t/v

Vurderingsformer

Undervegsvurdering som midtprøve som tel 40% av samla karakter. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter i emnet. Graderte karakterar.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 11.03.2008