Skriveverkstaden 2503

Læringsmål

Denne delen - det skapande, litterære arbeidet - vil bli ryggrada i studiet. Det er først og fremst her at tilhøvet til eigen skjønnlitterær forfattarskap kan avklarast.

Innhold

Utgangspunktet for undervisninga er tekster som studentane sjølve har produsert, før og under studiet. Desse vil ein ta opp til drøfting og analyse i smågrupper og plenum, og samspelet mellom individuell skaping og felles analysearbeid vil kunne gi både nye innfallsvinklar og skjerpa kritisk sans til den litterære produksjonen.
Verkstaden bygger på samarbeid og skaping av eit miljø der litterære idear kan kome fram og vidareutviklast - ikkje på normerande læring av ulike litterære "grep". Innstillinga vil vere prøvande, og bygge på respekt for den einskildes uttrykksform.
Ved sida av den eller dei forfattar(ar) som er fast knytte til skriveverkstaden, vil det delta ei lang rekke spesielt inviterte forfattarar, også frå andre nordiske land. Ein del av desse vil få omfattande oppgåver som rettleiarar og impulsgjevarar.

Også større individuelle skriveprosjekt kan bli tatt opp i plenum, slik at studenten på eit tidleg stadium får respons på arbeidet.
Ved avsluttinga av studiet vil det bli redigert og utgitt ein antologi med bidrag frå alle studentane. I vårsemesteret vil studentane få høve til å møte forlagskonsulentar og representantar frå ulike forfattarorganisasjonar.

Organisering

Undervisninga vil ha form av førelesingar og gruppedrøftingar, det vil bli veksling mellom individuelt skapande arbeid, samarbeid i smågrupper, tekstgjennomgangar i plenum og individuell rettleiing/konsultasjonar.

Vurderingsformer

Studentane skal vere representert med ca. 15 s tekst i ein tekstantologi (fellesprosjekt) som studentane ferdigstiller ved studieårets slutt. Ekstern sensur. Tekstene må vere godkjende for å få bestått karakter.

Evaluering av til saman tre skriftlege heimeoppgåver. (Oppgåvene blir gitt i samband med tre valfrie emnebolkar á tre veker). Karakterane som blir nytta er bestått/ikkje bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 11.03.2008