Språket i utvikling og variasjon 2112

Læringsmål

Studentane skal kjenne hovuddraga i utviklinga av nordisk språk, særleg norsk, i tale og skrift, med vekt på tida etter 1814. Dei skal kunne sjå norrønt språk i ein diakron samanheng. Studentane skal ha kunnskap om ulike former for talemålsvariasjon, og kunne gjere greie for språklege endringsprosessar. Vidare skal dei bli kjende med undervisning i norsk som andrespråk, og kunne kunne kommentere mellomspråktekstar.

Innhold

Språket i utvikling og variasjon frå fellesnordisk tid og fram til i dag, og norsk som andrespråk (målspråk).

Organisering

Vårsemesteret, 6 veketimar i 15 veker. Forelesing og seminar.
Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.

Vurderingsformer

Mappevurdering med to individuelle skriftlege arbeid, som tel 30 %.
5 timars sluttprøve, som tel 70 %. Alle oppgåvene skal skrivast på nynorsk.
Det krevst ståkarakter både på dei innleverte arbeida til saman og på sluttprøva.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 30.06.2008