Utviklingsarbeid i Latin-Amerika 2727

Læringsmål

Målet med studiet er at studenten skal få større forståing for internasjonalt utviklingssamarbeid, særleg i ein latinamerikansk kontekst.

I kombinasjon med annan utdanning vil emnet gje god bakgrunn for arbeid innan administrasjon av hjelpearbeid, utviklingsprosjekt, internasjonalt samarbeid, undervisning, journalistikk, innvandringsspørsmål og utanriksteneste.

Studiet skal vere med og skape ei medviten haldning til møtet med samfunn som mottar utviklingshjelp, der verdien av å sjå målgruppa som subjekt er særlig vektlagt. Studiet skal vidare leggje grunnlag for ei kritisk og undersøkande haldning til utviklingshjelpas rolle og verknad i høve til mottakarsamfunnet.

Innhold

Emnet gjev ei innføring i utviklingsarbeid med fokus på Latin-Amerika, og er eit emne som passar særleg for studentar som tar sikte på å arbeide med utviklingshjelp eller internasjonalt utviklingssamarbeid.

Studiet gjev ei innføring i utviklingsproblematikken gjennom førelesingar, litteraturarbeid og eit 3 vekers feltopphald som skal gje studenten

· kjennskap til hovudlinene i latinamerikansk historie, med særlig vekt på Mexico og Guatemala, samt aktuelle konfliktar

· kjennskap til dei viktigaste utviklingsteoriane sett i lys av sosiale konfliktar og politisk endring i Latin-Amerika.

· kjennskap til ulike typar lokale kontekstar

· kjennskap til gjennomgåande drag ved latinamerikansk kultur, mentalitet og tradisjon, slik dei kan ovre seg i internasjonalt samarbeid som ein eigen type kulturmøte (interkulturell kommunikasjon i Latin-Amerika)

· kjennskap til problematikk rundt utviklingshjelp

· kjennskap til planleggingsverktøy innan utviklingshjelp

· kjennskap til kvantitativ og kvalitativ samfunnsvitskapleg metode

Feltopphald med praksis og undersøking av førehandsgodkjent problemstilling

Eit 3 vekers obligatorisk feltopphald inngår i emnet. Det vil bli lagt til slutten av semesteret, etter fullført undervisning. Opphaldet vil bli lagt til eit område der studentane vil få ei innføring i verksemda til ein eller fleire hjelpeorganisasjonar (Non Government Organisations). Studentane får følgje arbeidet i ein eller fleire organisasjonar over tid, og får ei innføring om kva dei særlege utfordringane ved arbeidet går ut på, ved representantar for organisasjonen. Det vil også bli lagt til rette for undervisning om utviklingstilknytte spørsmål meir generelt av personar tilknytt den lokale undervisningsinstitusjonen. Den norske programkoordinatoren vil vere til stades under opphaldet, og yte råd og rettleiing. Studentane skal føre feltdagbok i samsvar med førehandsgodkjend problemstilling.

Feltrapport med utgangspunkt i godkjend problemstilling

Studentane skal skrive ein rapport etter gjennomført feltopphald. Problemstillinga skal vere førehandsgodkjent, og rapporten skal vere godkjent av emneansvarleg før kandidaten får gå opp til avsluttande eksamen. Rapporten skal gjere greie for den førehandsgodkjente problemstillinga, samt eventuelle tilknytte hypotesar. Vidare skal det gjerast greie for utvald sentral forsking og kunnskap på det aktuelle området, metode og ei drøfting av metodevala sin innverknad på dei rapporterte resultata, samt ein beskrivande empirisk del som gjer greie for både kandidatens aktivitetar i felten, erfaringar og funn.

Studentane må rekne med stor eigeninnsats i læringsprosessen gjennom undervisningsperioden, og seinare under feltarbeidet og med sluttrapporten. Evaluering av nivå og progresjon vil bli gjort kontinuerleg gjennom dei obligatoriske innleveringane.

Pensum:

Bøker som må kjøpes:

Dahl, Øyvind: Møte mellom mennesker. Interkulturell kommunikasjon. Gyldendal, Oslo 2001 ISBN: 8200453685

Fuglestad, Finn: Latin-Amerika og Karibiens historie. Cappelen, Oslo 1994. ISBN: 8245600008

Tvedt, Terje: Utviklingshjelp, utenrikspolitikk og makt – den norske modellen. Gyldendal, Oslo 2003. ISBN: 8205323720

Repstad, Pål: Mellom nærhet og distanse. Universitetsforlaget 1998. ISBN: 8200128695

Resten av pensum fåes kjøpt som kompendier.

Komplett pensumliste for Utviklingsarbeid i Latin-Amerika:

Totalt antall sider 1618 sider

-Biekart, Kees (1999): The politics of Civil Society Building. European Private Aid agencies and Democratic Transition in Central America. International books and theTransnational Institute. Amsterdam (302s)

-Dahl, Øyvind (2001): Møte mellom mennesker. Interkulturell kommunikasjon. Kapittel 1-3, 6-8. Gyldendal Norsk . Oslo (185s)

-Dealy, Glen Caudill (1977): The Public Man. An interpretation of Latin American and other Catholic Countries. Univ. of Massachusetts Press (88s)

-Fuglestad, Finn (1994): Latin-Amerikas og Karibiens historie. Universitetsforlaget. Oslo (322 s)

-Green, Duncan (2003): Silent Revolution – the rise and crisis of market economies in Latin America. Latin America Bureau. London ISBN: 0304334561 (228s)

-Krøvel, Roy (2001): Norge og freden i Guatemala i Ekern, Stener og Bendiksby, Trygve (red) (2001) Guatemala - Demokratisering og kulturelt mangfold. Institutt for menneskerettigheter. Oslo (21 s.)

-Latin-Amerika-årboka (1998): Latin-Amerika i 1990-årene: Markedets pris. Del I (utvalgte temaartikler) (29 s.)

  • Wallin, Kerstin E: Hamskifte i fagbevegelsen i Latin-Amerika (s. 59-69) (11 sider)
  • Rosén, Espen: Sosiale bevegelser i Latin-Amerika (s. 87-95) (8 sider)
  • Leifsen, Esben: Overlevelse og motstand blant høylandsindianere i Andes (s. 127-136) (10 sider)

-Latin-Amerika-årboka (2000): Maktens kanaler: Del I (temaartikler) (41 s.)

  • Berntzen, Einar: Demokratiske utfordringer i Latin-Amerika (s. 35-41) (6 sider)
  • Buvollen, Hans Petter: Lokaldemokrati i Mellom-Amerika (s. 45-50) (5 sider)
  • Burguete C y M, Araceli: Basta ya! Veien til politisk makt for Latin-Amerikas urfolk (s. 65-72) (7 sider)
  • Stølen, Kristi Anne: Freden starter i hjemmet: Om kjønn og makt blant returnerte flyktninger i Guatemala (s. 77- 83) (6 sider)
  • Salvesen, Hilde og Ranveig Heide Jørgensen: Den militære arben (s. 109-116) (7 sider)
  • Klaiber, Jeffrey: En svekket kirke eller ny religiøs makt? Den katolske kirkens innflytelse i latinamerikansk samfunnsliv (s. 121-127) (6 sider)
  • Lothe, Linda: Zapatistene og cyberspace: Revolusjon via internett? (s145-149) (4 sider)

-Mayers, Marvin K. (1982): A look at Latin American Lifestyles. Dallas. Introduksjon, kapittel 1-9, kapittel 12-14 (s. 1-74 og 88-107 (95 s.)

-O’Kane, Trish: In Focus: Guatemala – A guide to the People, Politics and Culture. Latin America Bureau, 1999 (s 5-79) (74 sider)

-Repstad, Pål (1998): Mellom nærhet og distanse. (134 sider)

-Tvedt, Terje (2003): Utviklingshjelp, utenrikspolitikk og makt – den norske modellen. Gyldendal. Innledning, kap. 1 og kap 2 (s. 17-113) (96 sider)

-Valenzuela, Maria Elena (1998): Women and the Democratization Process in Chile i Jaquette, Jane S. & Wolchik, Sharon L.(Eds) (1998): Women and Democracy. Latin America and Central and Eastern Europe. Johns Hopkins Univ. Press. Baltimore and London (28s)

-Vilby, Knud (1997): Den globale reisen. Universitetsforlaget. Oslo. Kapittel 3 Teorier om utvikling (s 47-67), kap 7 Fattigdom (s. 119-137), kap 11 Menneskerettigheter (s. 193-214) , kap 12 Kvinners vilkår (s. 215-233) (sum 77s)

Organisering

Emnet vil bli avvikla i 2 førelesingsrekker med to veker kvar gjennom semesteret, totalt 68 timar. Det vil bli undervist 17 timar per veke, fordelt på fire dagar. Fredag er studiedag, der lærar er til stades. Etter kvar førelesingsrekke skal studentane levere inn eit individuelt skriftleg oppgåvesvar på minimum 4 og maksimum 8 maskinskrivne sider, tilsvarande ca. 2 500-5 000 ord. Dette må være godkjent for at kandidaten skal kunne avlegge slutteksamen.

Vurderingsformer

To obligatoriske innleveringar må vere godkjende før kandidaten kan gå opp til slutteksamenen. Feltrapporten som blir levert etter gjennomført feltarbeid tel 40 % av sluttkarakteren. Slutteksamenen på 5 timar tel 60 % av samla karakter for emnet. Graderte karakterar frå A til F, der E er lågaste ståkarakter.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 17.05.2008