Klima, energi og miljø 4006
Læringsmål
Studentane skal få ei innføring i dei globale miljøproblema. Sentralt i emnet er klima, energi og miljø. Studentane skal få kjennskap til den forsterka drivhuseffekten og dei menneskelege aktivitetane som påverkar denne. Utifrå scenario om korleis den globale menneskelege aktiviteten blir i framtida skal dei få kunnskap om dei sannsynlege verknadene av klimaendringane. Studentane skal bli gjort kjent med korleis eit endra klima kan påverke visse former for friluftsliv. Fossil energibruk blir spesielt grundig behandla i dette temaet. Studentane skal få ei innføring i viktige omgrep i energilæra, og dei skal få kjennskap til dei viktigaste fornybare energikjeldene og til metodar for energieffektivisering. Etiske problemstillingar knytt til klimaendringar blir også behandla. Studentane får også innføring i andre område der den globale menneskelege aktiviteten ikkje er berekraftig.
Innhold
Sentrale tema:
· Fossil energibruk og annan menneskeleg aktivitet som gir miljøproblem
· Den forsterka drivhuseffekten og sannsynlege klimaendringar
· Fornybare energikjelder, kjerneenergi og metodar for energieffektivisering
· Nedbryting av ozonlaget
· Sur nedbør
· Befolkningsveksten som miljøproblem
· Vassmangel, avskoging og utarming av jordsmonn
Organisering
75 timar forelesing.
Vurderingsformer
Det blir gitt karakterar på to delprøver: ei midtprøve (2 timar) tel 40% og ei skriftleg sluttprøve (3 timar) tel 60% av endeleg eksamenskarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Arne Myhre <Arne.MyhreSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 18.03.2008