Matsikkerhet og forvaltning 4258

Læringsmål

Emnet skal gi studentane innsyn i korleis matforvaltninga i Noreg er bygd opp. Dei får ei innføring i korleis dei ulike aktørane i samfunnet verkar inn på mattryggleiken. Dei får også ei opplæring i korleis ein byggjer opp eit internkontrollsystem i ei næringsmiddelverksemd, og korleis dette systemet skal brukast og kontrollerast.

Innhold

Sentrale tema:

  • Næringsmiddelbårne sjukdomar
  • Vurdering av risikofaktorar
  • Matlovgivinga
  • Matpolitikk/tryggleik/restriksjonar
  • Mattilsynet og andre kontrollorgan
  • Forbrukarar/produsentar – økonomisk matpolitikk
  • Oppbygging av kontrollsystem, HACCP
  • Revisjon av kontrollsystem . IK-mat

Organisering

45 timar forelesingar.
Obligatorisk: 20 timar seminar, 30 timar prosjektarbeid i grupper, eitt besøk på ei verksemd.
Seminarundervisninga er samordna med delar av 4257 HMS internkontroll, helse- og miljøforvaltning.

Vurderingsformer

Eksamenskarakter er basert på skriftleg sluttprøve (4 timar). Obligatoriske delar må vere gjennomført og godkjent for å kunne gå opp til sluttprøva.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter  <SPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Anette Norheim Fredly - 31.01.2008