Viltøkologi og -forvaltning 4208
Læringsmål
Emnet skal gi eit kunnskapsgrunnlag for viltforvaltning i Noreg med særleg vekt på viltøkologi og viltstell, og dei viktigaste lovane innan viltforvaltning.
Innhold
Sentrale tema er:
- Oversyn over viltressursar og viltproduksjon.
- Viltbiologi og økologi med habitatkrav, populasjonsdynamikk, bestandsregulering og tilhøve rovdyr/byttedyr. Dei viktigaste viltartane blir spesielt omtala med vekt på tilhøve som har noko å seie for forvaltninga. Dette gjeld både jaktbare og ikkje jaktbare artar.
- Lovverk. Oversyn over den offentlege og den private viltforvaltninga.
Organisering
35 timar forelesingar. Ei semesteroppgåve skal leverast individuelt for vurdering som del av eksamen.
Obligatorisk: 5 dagar feltkurs.
Vurderingsformer
Det blir gitt karakterar på to delprøver: semesteroppgåva tel 30% og sluttprøva (4 timar) tel 70 % av endeleg eksamenskarakter. For å kunne gå opp til sluttprøva må rapport frå feltkurset og semesteroppgåva vere godkjente. Begge delprøvene må vere bestått.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Howard Parker <Howard.ParkerSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Anette Norheim Fredly - 01.02.2008