Distribusjonskanalar 5207

Læringsmål

I dette emnet skal studentane få kunnskapar til å møte dei utfordringane verksemdene står over for når dei skal få varer og tenester fram til sluttkundane. Å utvikle gode distribusjonsløysingar ser ut til å bli viktigare og viktigare i ei tid med stor internasjonal konkurranse. Alle verksemder må ha gode kunnskapar om struktur, åtferd og virkemåte i dei ulike distribusjonskanalane for å komme fram til løysingar som er gode for alle partar. Ved å ta utgangspunkt i teoriar for korleis organisasjonar fungerar interorganisatorisk, tek ein vare på heilskapssynet som er viktig for å forstå samanhengar. Ein slik bakgrunn må ein ha for å finne dei rette strategiane innan området distribusjon.

Innhold

Emnet skal gi studentane et innblikk i korleis distribusjonssystem er bygd opp og korleis dei fungerer. Sentrale omgrep er makt og relasjonar. Distribusjon som ein del av logistikksystemet vil bli omtalt særskilt, men hovudfokus vil være på dei eksterne relasjonane mellom deltakarane i ein distribusjonskanal. Sjølvsagt vil også relasjonane mellom kanal og kundane ha ein viktig plass i kurset. Konkurransen har utvikla seg frå å være ein konkurranse mellom einskildaktørar til å bli ein konkurranse mellom vertikalt integrerte system. Ein viktig del av emnet vil være internasjonal detaljhandel som er eit godt døme på korleis distribusjonskanaler er integrert på tvers av landegrensene.

Organisering

3-4 timar forelesing i vårsemesteret.

Vurderingsformer

Mappevaluering. Mappa er sett saman av ei obligatorisk innlevering (gruppe) med muntlig presentasjon (40%) og ei skriftleg individuell sluttprøve, 3 timar (60%). Gruppa skal normalt ha 2 -3 studentar, men det er høve til individuell levering etter særskilt vurdering. Alle delprøver må vere bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>,Per O.M. Isaksen <Per.IsaksenSPAMFILTER@hit.no> - 02.01.2008