Immateriell rett 5015

Læringsmål

Kurset gir kunnskap om korleis ein skal sikre opphavsrettighetar og industrielle rettighetar, korleis ein beskyttar åndsverk og korleis ein kan beskytte sine produkt og tenester gjennom patent, varemerke- eller designbeskyttelse. Kurset tar for seg vilkår for beskyttelse, vurderinga av alternative beskyttelsesmåtar, kvifor beskyttelse er nødvendig, korleis ein oppnår beskyttelse og kor langt beskyttelsen rekk. Det blir lagt opp til gruppe arbeid med konkrete oppgåver gjennom heile kurset.

Det er eit føremål å gjere studentane i stand til å kunne foreta vurdering av korleis rettane til nye varer og tenester best kan beskyttas og korleis ein går fram for å oppnå beskyttelse. Kurset vil gje nyttig kompetanse for nær sagt alle typar arbeid innanfor produkt og tenesteutvikling, i tillegg til dei som tenkjer å starte eigen bedrift.

Innhold

Stoffet er mellom anna henta frå følgjande emne: Opphavsrett, patentlovgiving, design- og varemerkebeskyttelse.

Organisering

3-5 timar forelesing i veka i vårsemesteret.

Vurderingsformer

Mappeevavluering: Obligatoriske gruppeoppgåver (gruppe) som skal innleverast i fleire delar. Alle oppgåvene vil være teljande og alle oppgåver må vere bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 28.04.2008