Innføring i utviklingsstudium 5979

Læringsmål

Studentane skal tileigne seg kunnskap om korleis fattigdom og velstand fordeler seg mellom land. Dei skal vite kva som kjenneteiknar rike og fattige land og forstå historiske, politiske og økonomiske forklaringar på situasjonen i fattige land med fokus på Afrika. Det blir gitt oversikt over teoriar for økonomisk vekst. Med det som grunnlag blir bistand og handel drøfta som vegar ut av fattigdomen.

Innhold

· Fordeling av fattigdom og rikdom med utgangspunkt UNDP ”World Development Index”
· Historiske faktorar (kolonialisme)
· Politiske øg økonomiske faktorar, situasjonen etter sjølvstende
· Samanlikning mellom land/regionar, Afrika smanlikna med Asia
· Teoriar om økonomisk vekst og utvikling
· Handel og vekst
· Bistand og vekst
· Strategiar for implementering av bistand

Organisering

3-4 timar forelesing i veka i vårsemesteret.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen: 4 timar, 60 %. Semesteroppgåve/presentasjon: 40 %

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Birgit Norendal - 04.02.2008