Makroøkonomisk teori og politikk 5311
Læringsmål
Studentane skal få innsikt i korleis ein vurderer eit lands økonomiske tilstand og utviklingstendensar. Ein skal forstå årsaka til og verknadene av konjunktursvingingar på kort sikt, blant anna korleis endringar i etterspurnaden i ein del av økonomien får ringverknader og kan påverke det generelle økonomiske aktivitetsnivået i landet. Styresmaktenes penge- og finanspolitikk er viktig i denne samanhengen, og korleis politikken verkar i ulike valutaregime. Formålet er å gjere studentane betre i stand til å følgje med i media og diskusjonar om landets generelle økonomiske utvikling og kva denne utviklinga har å seie for den einskilde bedrift. Samfunnsøkonomiske makromodellar skal inngå som analyseverktøy.
Innhold
Dei sentrale faglege element i kurset er:
- Makroøkonomiske målsettingar og verkemidlar
- Nasjonalrekneskap
- Arbeidsmarknaden og ulike typar av arbeidsløyse
- Etterspurnad og tilbod på makronivå
- Multiplikatormodell med variablane: Samla aktivitetsnivå, makro privat konsum, makro private realinvesteringar, offentlege utgifter og skattar, handel med utlandet, penge- og valutamarknaden
- Makroøkonomisk stabiliseringspolitikk
Organisering
3-4 timar forelesing i haustsemesteret. Det blir gitt 3 innleverinsoppgåver (frivillig innlevering), som blir retta, karaktersett og gjennomgått av forelesar.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 16.04.2008