Matematikk 5500

Læringsmål

Emnet skal gi studentane grunnlag for arbeidet med ulike fag seinare i studiet der kjennskap til matematisk analyse og metode er viktig.

Innhold

Emnet gir ei innføring i matematisk analyse og i sannsynleghetsrekning. Ein ser først på heilt grunnleggande matematiske omgrep og reknearbeid. For funksjonar av ein variabel ser ein på: Derivasjon, integrasjon, kurvedrøfting og optimering. Deretter kjem eksponensial- og logaritmefunksjonar og finansmatematikk. I funksjonar av fleire variablar tek ein opp partiell derivasjon og ekstremalproblem. I sannsynleghetsrekninga ser ein på: Diskrete sannsynleghetsmodellar, kombinatorikk, betinga sannsynleghet og uavhengighet.

Organisering

6-8 timar i veka i haustsemesteret.

Vurderingsformer

Undervegsevaluering i form av obligatoriske oppgåver som skal vere godkjende før ein kan gå opp til individuell, skriftleg 5 timars eksamen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 16.04.2008