Reiseliv og samfunn 5416

Læringsmål

Emnet skal gi reiselivsfagleg basiskunnskap med hovudvekt på norske tilhøve.

Innhold

Emnet skal gje studentane ei grunnleggjande innføring i og forståing av nasjonal og internasjonal turisme og reiselivsverksemd. Studentane skal bli kjende/fortrulege med dei sentrale omgrepa i reiselivsterminologien, og, etter kvart, vere i stand til å nytte desse til systematisering, analyse og diskusjon av reiselivstema i praksis. Vidare skal studentane ha oversyn over dei sentrale aktørane og deira plass og perspektiv i reiselivssystema. Studentane skal og kunne gjere greie for reiselivet sine verknader på ulike samfunnstilhøve, samt metodar og perspektiv for å greie ut og klargjere desse. Studentane vil og få ei enkel innføring i sals- og marknadsføring.

Organisering

Undervisninga vil variere mellom tradisjonelle førelesingar, seminarprega undervisning, øvingsoppgåver, studentpresentasjonar og obligatoriske skriftlege rapporteringar/innleveringar.

Vurderingsformer

Semesteroppgave som tel 40% av samla karakter og skriftleg 4 timars slutteksamen som tel 60%. Begge må vere stått for å få stått karakter i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no> - 03.02.2009