Rettslære revisoreksamen 5353
Læringsmål
Kurset skal gi studentane innføring i juridisk metode og generelle privatsrettslege og utvalte offentlegsrettslege emne og problemstillingar. Innføringa skal gi studentane innsikt i dei alminnelege rettslege rammer for utøving av privat og offentleg verksemd. Studentane skal ytterlegare få gode kunnskapar om dei rettsreglar som er av særleg betydning for utøving av privat næringsverksemd. Dette gjelder reglar som har har betydning for den interne organisering i verksemdene og reglar for verksemdenes forhold til kundar, kreditorar og offentlege myndigheter.
Innhold
Det første semesteret av kurset fell saman med kurset 5350 Forretningsjus, jf omtale under 2-årig studium i økonomi og administrasjon, som omfattar emna rettskjelder og juridisk metode, kontraktsrett og pengekravsrett. Det andre semesteret av kurset omfattar emna panterett og rettsvernsreglar, insolvensjuss, økonomiske forhold mellom ektefellar, økonomisk kriminalitet, selskapsrett og offentlig rett. Det er ein samla eksamen for dette 15-studiepoengskurset, og prøva femner om alle emne som går inn i desse 15 studiepoenga. Det er såleis ikkje krav om at ein først må ha tatt eksamen i kurset 5350 Forretningsjus.
Organisering
3-4 timar forelesing i veka i vårsemesteret og 6-8 timar forelesing i haustsemesteret.
Vurderingsformer
2 obligatoriske innleveringsoppgåver i løpet av emnet må vere godkjente for å få ta eksamen. Skriftleg eksamen, 6 timar. Alle delprøver må vere bestått.
For å bli registrert revisor er karakterkravet i dette emnet C eller betre.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bergit Grivi <Bergit.GriviSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 17.04.2008