850 Spansk, Porsgrunn

Innledning

I studieåret 2008/2009 vil høgskolen tilby inntil 45 studiepoeng i spansk. Interesserte kan søkje på heile studiet, eller på dei einskilde emna. Alle tre emna kan gå inn i BA i litteratur og språk eller i andre BA-gradar etter søknad.

Vi gjer merksam på at dersom ein ønsker full studiebelastning, må studentane velje 15 studiepoeng i tillegg frå andre program, t.d. ex.phil, lingvistikk el.l.

Tilbodet blir gitt i Porsgrunn dersom det er mange nok søkjarar.

Målgruppe og opptakskrav

Målgrupper er studentar som ønskjer grunnopplæring i spansk språk og kultur, og lærarar eller lærarstudentar som ønskjer undervisningskompetanse i spansk i grunnskolen.

Opptakskrav er generell studiekompetanse og det er ikkje krav om spansk frå vidaregåande skole for opptak til innføringsemnet. Dersom ein har B-/eller C-språk i spansk frå vgs kan ein starte direkte på emnet Spansk språk og kultur I

Mål for studieprogrammet

Studiet skal gi grunnleggjande kunnskapar om språk, kultur, historie og samfunnstilhøve i spansktalande land. Det vil bli lagt inn i undervisnings fagdidaktiske emne , slik at kunnskapane skal kunne nyttast i undervisningssamanheng.

Gjennomført 30 studiepoeng i tillegg til innføringsemnent vil gi undervisningskompetanse i grunnskolen.

Videre studiemuligheter

Studiet kan vere grunnlag for vidare studiar i spansk språk og kultur. Det kan inngå i bachelorgrad i litteratur og språk ved HiT, eller i andre BA-gradar etter søknad.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning

Studiet er sett saman av 3 emner som kvart blir avslutta med eksamen og tel 15 studiepoeng kvar. Sjå skjematisk oversikt nedanfor som viser dei første 2 emna.

Undervisninga i det første emnet vil vere lagt til erttermiddagstid, to kvelder i veka.

Arbeids- og læringsformer

Studiet er sett saman av forelesingar og seminar og det vil vere obligatorisk deltaking i seminara. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og at dei må delta aktivt i undervisninga. I innføringsemnet vil norsk vere hjelpespråk, men i dei andre emna vil undervisninga i hovudsak vere på spansk.

Vurderingsformer

Kvart emne blir avslutta med ein munnleg og ein skriftleg eksamen som kvar tel 50% av sluttkarakteren. Ein nyttar bokstavkarakterar frå A til F, der A er beste karakter og E er lågaste ståkarakter. Både munnleg og skriftleg prøve må vere bestått for å få bestått i emnet.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Mette Venheim <mette.venheimSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Birgit Norendal - 03.03.2008