Tekst og kultur, årsstudium
Målgruppe og opptakskrav
Opptakskrav er generell studiekompetanse.
Målgruppe er søkjarar som ønskjer å arbeide med tekst, anten det er snakk om eiga skriving eller konsulentarbeid, kulturjournalistikk eller kulturformidling generelt.
Mål for studieprogrammet
Mål for studieprogrammet er at det, saman med anna relevant utdanning, skal kvalifisere for konsulentarbeid, kulturjournalistikk, kulturformidling og undervisning. Studiet skal gi eit godt grunnlag for vidare studiar innan ”Kommunikasjon og kultur”.
Videre studiemuligheter
Årsstudiet vil kvalifisere for opptak til andre studieår i bachelorprogrammet Kultur – arrangering, formidling og forvaltning, og det vil kunne inngå som ei årseining i andre bachelorgradar med humanistiske eller samfunnsvitskaplege emne .
Det vil ikkje vere tilbod om utveksling innanfor årsstudiet, men dersom ein går vidare i eit av programma nemnde ovanfor, kan eitt semester bytast ut med studiar ved ein utanlandsk samarbeidsinstitusjon. Studiet vil vere ein del av Norplusnettverket som tilbyr kulturutdanning i Århus og Odense i Danmark , i Ørebro og Södertälje i Sverige og i Åbo og Helsinki i Finland og Reykjavik på Island. I tillegg er det god kontakt med Syddansk Universitet for fagområdet idèhistorie.
Instituttet har samarbeidsavtale med Franklin College, USA der studentane kan velje inntil eitt års studium i anten drama/teater, journalistikk eller leiing. Vi har og avtaler med Luther College, Decorah, Iowa, St.Olaf College, Northfield,Minnesota og Augustana College, Sioux Falls, South Dakota i USA og Augustana Faculty, UA, Camrose i Canada
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Tekst og kultur er eit eittårig studium. Tekst forstått som kommunikasjon er det samlande emnet for studiet. Tekstomgrepet omfattar både munnlege, skriftlege og samansette tekstar (det vil seie tekstar som inkluderer bilde, musikk og grafikk). I studiet vil ein undersøkje korleis tekstar er bygd opp, og kva for normer som gjeld for tekstskaping og tekstforståing, anten det er snakk om vitskaplege avhandlingar eller sms, romanar eller blogg, folkedikting, lesebøker eller religiøse tekstar. Sjangerlære, tekstanalyse, tekstproduksjon og teksthistorie er viktige stikkord. Historiske, sosiale og kulturelle tilhøve viser seg i tekstar, og dette studiet handlar om korleis tekstar er med på å skape, oppretthalde eller utfordre desse tilhøva. Dessutan omfattar hovudområdet praktiske kurs i skriftleg og munnleg formidling.
Dersom ein ønskjer tema frå dette studieåret som grunnlag for fordjuping i ein bachelorgrad, krevst det minst 20 studiepoeng i tillegg innanfor same fagområde.
Arbeids- og læringsformer
Undervisninga har til vanleg form av forelesingar og seminar med høg grad av studentaktivitet. Det vil bli lagt stor vekt på skriftlege innleveringar og munnlege framføringar. Studentane skal vere opponentar på oppgåvene til kvarandre. Ein nyttar fronter som supplement til ordinære undervisingsformer. I fleire emne vil det vere krav om minst 60 % frammøte til undervisninga. I einskilde emne kan undervisninga bli organisert som samlingar over to dagar.
Sjå elles omtale under dei einskilde emna.
Vurderingsformer
Individuelle skriftlege eksamenar med bokstavkarakterar, der A til E er stått, og F er ikkje stått. Delprøver kan inngå i sluttkarakteren i dei einskilde emna.
Innleveringar av skriftlege arbeid og munnlege presentasjonar.
Alle deleksamenar og obligatoriske oppgåver må vere stått for å få stått i heile emnet.
Sjå under dei einskilde emna den eksamensforma som gjeld.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Mette Venheim <mette.venheimSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Birgit Norendal - 18.06.2008