Litteratur før 1900 (samlings- og nettbasert) 2117

Læringsmål

Studentane skal få innsikt i sentrale sider ved norsk litteratur og norsk litteraturhistorie frå mellomalderen til ca. 1900. Pensum består av verk og kortare tekstar i ulike genrar frå perioden, og av litteraturhistorie og litteraturteori og metode.

Innhold

Norsk litteratur frå mellomalderen til ca. 1900.

Organisering

Haustsemesteret. To helgesamlingar (à to dagar), nettforelesingar (lyd) og nettmøte i grupper (lyd). Det vil bli gitt oppgåver på fronter som studentane skal legge fram. Dessutan blir det jamleg lagt ut undervisningsstoff på fronter. To timar til ei fast tid kvar veke vil lærarane vere disponible i eit samtalerom på fronter.

Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjupning i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er individuelle heimeoppgåver og skriftleg individuell prøve (sluttprøve). Kvar student leverer 3 skriftlege oppgåver à 2000-3000 ord. Dei to beste tel til saman tel 40 %. 5 timars sluttprøva som tel 60 %. Det krevst ståkarakter på både dei teljande hemeoppgåvene til saman og på sluttprøva. Alt skal skrivast på nynorsk.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <Kristin.midtboSPAMFILTER@hit.no> - 22.11.2010