Litteratur og kultur Latin-Amerika og Spania 2305
Læringsmål
Målet med kurset er å gje studenten eit kulturelt perspektiv på den spansktalande verda. Studentane skal tileigne seg analyse, kritikk og forståing av ulik litteratur og kulturelle, sosiale og politiske fenomen i dei landa som er omfatta av det latinamerikanske og spanske fellesskapet. |
Innhold
Studiet tilbyr ei generell innleiing i latinamerikanske og spanske kulturelle tema, med spesiell vekt på samtidshistorie og den politiske debatten i det iberoamerikanske litteratur- og kulturområdet. Studieemnet tar m.a. for seg emne som kultur, kulturell identitet, sosiale rørsler, nasjonale minoritetar, feminisme, regionale konfliktar, musikk og film. |
Organisering
Studiet er sett saman av førelesingar og seminar, og det vil vere obligatorisk deltaking i seminara. 10 veker (60 undervisningstimar), ei sjølvstudieveke og ei veke med to eksamenar (munnleg og skriftleg). Undervisninga går føre seg på spansk. Førelesingar i kulturkunnskap, der sentrale pensumtekstar blir kommenterte. Førelesingar i språk, med tilknyting til øvingar i grammatikk og omsetting. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga. |
Vurderingsformer
Eksamenen er todelt: Det krevst ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i heile emnet. Det blir gitt graderte karakterar frå A til F, der E er lågaste ståkarakter. |
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Birgit Norendal <Birgit.NorendalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 09.09.2010