Romantikken - Europeisk idehistorie fra Rousseau til Nietsche 3362

Læringsmål

Emnet har som mål å gi studentane innsikt i sentrale idestrømningar gjennom den epoka som blir kalla «romantikken», ei epoke som i emnet blir avgrensa kronologisk av Jean-Jacques Rousseau på 1700-talet og Friedrich Nietzsche på 1800-talet. I tillegg til at studentane skal tileigne seg kunnskap om ulike sider ved sjølve den romantiske epoka, skal dei få ei forståing for korleis idestrømningar frå denne perioda har nedfelt seg i ettertida si virkelighetsoppfatning.

Innhold

Pensumlitteraturen vil i hovudsak femne om romantiske strømningar innanfor det tysk-, engelsk- og franskspråklege området. Det vil bli lagt vekt på korleis romantikken utviklar seg på ulike måtar innan desse språkområda, slik at ein går inn i m.a. filosofiske, estetiske, religiøse og politiske kontekstar. Ein vil forsøke å synliggjera samanhengar både innanfor og på tvers av dei einskilde kontekstane. Pensum er satt saman av originaltekstar og sekundærlitteratur.

Organisering

Forelesing eller seminar inntil 4 timar pr. veke. Vi vil nytte multimedie-innslag (film, musikk, bilde) når det er pedagogisk relevant.

Vurderingsformer

Midtprøve som tel 40% av samla karakter. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøve må være stått for å få stått karakter i emnet. Graderte karakterar.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Otto Martin Christensen - 28.01.2010