Språket i utvikling og variasjon (samlings- og nettbasert) 2120
Læringsmål
Studentane skal kjenne hovuddraga i utviklinga av nordisk språk, særleg norsk, i tale og skrift, med vekt på tida etter 1814. Dei skal kunne sjå norrønt språk i ein diakron samanheng. Studentane skal ha kunnskap om ulike former for talemålsvariasjon, og kunne gjere greie for språklege endringsprosessar. Vidare skal dei bli kjende med undervisning i norsk som andrespråk, og kunnekommentere mellomspråktekstar.
Innhold
Språket i utvikling og variasjon frå fellesnordisk tid og fram til i dag, og norsk som andrespråk (målspråk).
Organisering
Vårsemesteret. To helgesamlingar (à to dagar), nettforelesingar (lyd) og nettmøte i grupper (lyd). Det vil bli gitt oppgåver på fronter som studentane skal legge fram. Dessutan blir det jamleg lagt ut undervisningsstoff på fronter. To timar til ei fast tid kvar veke vil lærarane vere disponible i eit samtalerom på fronter.
Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjupning i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.
Vurderingsformer
Vurderingsformene er individuelle heimeoppgåver og skriftleg individuell prøve (sluttprøve). Kvar student leverer 3 skriftlege oppgåver. Dei to beste tel til saman tel 40 %. 5 timars sluttprøva som tel 60 %. Alt skal skrivast på nynorsk. Det krevst ståkarakter på både dei teljande hemeoppgåvene til saman og på sluttprøva. Alt skal skrivast på nynorsk.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <Kristin.MidtboSPAMFILTER@hit.no> - 22.11.2010