Norsk 1 - Den andre lese- og skriveutviklinga NOR 501
Læringsmål
Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studentane til å forstå seg sjølv i ein større, fleirkulturell samanheng. I grunnskoleutdanninga for 5. -10. rettar norskfaget seg primært mot elevar på mellom - og ungdomstrinn, som er mellom 11 og 16 år. Å vere lærar for denne aldersgruppa inneber å vidareutvikle elevanes lese-, skrive- og munnlege kompetanse, og å kunne gje opplæring i dei grunnleggjande ferdigheitene.
Etter fullført norsk 5.-10 er sentrale mål at studenten
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk– og kulturforståinga hos elevane og rettleie elevane i arbeidet deira
- er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i bokmål og nynorsk
- kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon, og kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kunne sjå faget i eit større danningsperspektiv, og bidra til utvikling av lokale læreplanar i faget
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. klasse, og bruke ulike vurderingsmåtar i norskfaget
Etter modul 1 ”Den andre lese- og skriveopplæringa ” skal studenten
- ha brei kunnskap om relevante teoriar om lesing, skriving og lese- og skriveopplæring, og ha kunnskap om dei ulike funksjonane lesing og skriving kan ha for elevars utvikling og læring
- ha brei kunnskap om språket som system og språket i bruk
- ha kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
- ha kunnskap om svensk, dansk og samisk og kjennskap til andre nordiske språk og nasjonale minoritetsspråk
- kunne vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæring og skriftforming frå 5. til 10.trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
- kunne bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
- kunne kartleggje og vurdere lese- og skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
Innhold
Arbeidet med å vidareutvikle lese- og skriveferdigheiter til elevar frå 5.-10. trinn står sentralt i norskfaget.
I modul 1 skal studenten utvikle kunnskap om språk og utvikling av språklege ferdigheiter, og lære å nytte desse kunnskapane til i arbeid med lese- og skriveopplæring.
I modul 2 er munnlegheit og retorikk viktige emne. Studenten skal tileigne seg kunnskapar om litteratur for ulike aldersgrupper og frå ulike sjangrar og medium, og skaffe seg teoretisk og didaktisk innsikt knytt til desse teksttypane. Studenten skal òg øve opp evna til tekstanalyse og -tolking, lære å stimulere interesse for litteratur og kunne leggje til rette for litteraturarbeid og munnleg språkbruk i klasserommet.
Felles for båe modulane er vektlegginga av munnleg framstillingsevne og skriftlege ferdigheiter i båe målformer. Studenten skal òg kjenne dei utfordringane og moglegheitene det gir å arbeide i eit fleirkulturelt klassemiljø. Framfor alt skal studenten utvikle ei sjølvstendig og fagleg reflektert haldning til eit norskfag der elevens læring står i sentrum.
Organisering
I grunnskolelærarutdanning for 5- 10 er norskfaget 60 studiepoeng. Desse er fordelte med 45 studiepoeng første studieår og 15 studiepoeng andre studieår. Norskfaget er delt inn i fire modular med 15 studiepoeng i kvar av modulane. Innhaldet i dei fire modulane byggjer på kvarandre.
Modul 1, 15 stp – Den andre lese- og skriveopplæringa. Denne modulen er lagt til haustsemesteret første studieår.
Modul 2, 15 stp – Litteraturdidaktikk og retorikk. Denne modulen er lagt til slutten av haustsemesteret og første del av vårsemesteret første studieår.
Modul 3, 15 stp – Språk og litteratur i eit historisk perspektiv. Denne modulen er lagt til siste del av vårsemesteret første studieår.
Modul 4, 15 stp, - Litterær eller språkleg fordjuping. Denne modulen er lagt til det andre studieåret.
Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs, bruk av Fronter og individuell rettleiing, bl.a i form av læringssamtalar. Læringssamtalen (bl.a. mellom faglærar, øvingslærar og student) skal vere ei hjelp til å bli bevisst kva du har lært, og kva du må lære for å bli ein god norsklærar. Det dreier seg om å reflektere over eigen progresjon i høve til dei fastsette måla for faget.
Semesterplanen, som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument. Her blir innhaldet og den praktiske gjennomføringa av semesteret presisert.
Nokre av forelesingane vil krevje obligatorisk frammøte. Kva for tema dette gjeld, vil bli presentert ved studiestart og presisert i semesterplanane.
Det er viktig å skrive mykje i eit fagstudium. Tekstane du skriv, i ulike sjangrar, skal du samle i ei arbeidsmappe. Arbeidsmappa skal romme alt du skriv i løpet av semesteret: smått, stort, uferdig og meir gjennomarbeidde tekstar. Nokre av desse tekstane vil du få tilbakemelding på av faglærar medan andre blir det forventa at du sjølv, saman med medstudentar, gir tilbakemelding på. Målet med mappearbeid er at du alltid kan arbeide vidare med tekstane over tid. Faglærar skal ikkje rettleie mappearbeida fram til ”ferdig tekst”, men dei må vere av ein slik kvalitet at faglærar kan godkjenne arbeidsmappa som dokumentasjon på arbeidskrav. Arbeidsmappa må vere godkjend før du kan gå opp til eksamen.
I løpet av studiet vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis, og du skal delta i arbeid på tvers av fag.
Vurderingsformer
Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet – undervegsvurdering og sluttvurdering. Undervegsvurderinga er den fortløpande vurderinga , i form av tilbakemeldingar på munnleg og skriftleg arbeid. Sluttvurdering vil du få etter kvar av modulane.
Sluttvurdering etter modul 1 er skriftleg eksamen med vurdering til bestått/ ikkje bestått. Denne eksamenen skal skrivast på nynorsk. For fritak sjå forskrift §5
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kirsten Palm <Kirsten.PalmSPAMFILTER@hit.no> - 02.06.2010