Norsk 1 - Litteraturdidaktikk og retorikk NOR 502
Læringsmål
Etter modul 2 ”Litteraturdidaktikk og retorikk” skal studenten
- kunne nytte retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar og kunne leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
- ha kunnskap om forteljarteknikkar og kunne fortelje ulikt fagstoff munnleg.
- ha omfattande kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
- kjenne til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- ha inngåande kjennskap til ungdomslitteratur i ulike sjangrar og god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
- ha kunnskap om barnelitteratur og nyare litteratur som vender seg mot vaksne lesarar
- kunne leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- kunne analysere, tolke og vurdere tekstar og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar
- kunne samtale om litteratur og tilpasse form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskapar og kulturell bakgrunn hos mottakarane
- kunne bruke varierte estetiske arbeidsmåtar for auka litteraturforståing og glede hos elevane og kunne stimulere den estetiske sansen til elevane
- ha kjennskap til drama som metode i norskfaget
- kunne vurdere ulike typar norskfaglege læremiddel ut frå ulike kriterium og med tanke på læringsutbyte til elevane
kunne ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa, og skape og vurdere digitale samansette tekstar
Innhold
Arbeidet med vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter til elevar frå 5.-10. trinn står sentralt i norskfaget.
I modul 1 skal studenten utvikle kunnskap om språk og om utvikling av språklege ferdigheiter, og lære å nytte desse kunnskapane i arbeid med lese- og skriveopplæring.
I modul 2 er munnlegheit og retorikk viktige emne. Studenten skal tileigne seg kunnskapar om litteratur for ulike aldersgrupper og frå ulike sjangrar og medium, og skaffe seg teoretisk og didaktisk innsikt knytt til desse teksttypane. Studenten skal òg øve opp evna til tekstanalyse og -tolking, lære å stimulere interesse for litteratur og kunne leggje til rette for litteraturarbeid og munnleg språkbruk i klasserommet.
Båe modulane legg vekt på munnleg framstillingsevne og skriftlege ferdigheiter i båe målformer. Studenten skal òg kjenne dei utfordringane og moglegheitene det gir å arbeide i eit fleirkulturelt klassemiljø. Framfor alt skal studenten utvikle ei sjølvstendig og fagleg reflektert haldning til eit norskfag der elevens læring står i sentrum.
Organisering
I grunnskolelærarutdanning for 5- 10 er norskfaget 60 studiepoeng. Desse er fordelte med 45 studiepoeng første studieår og 15 studiepoeng andre studieår. Norskfaget er delt inn i 4 modular med 15 studiepoeng i kvar av modulane. Innhaldet i dei 4 modulane byggjer på kvarandre.
Modul 2 ”Litteraturdidaktikk og retorikk” er på 15 stp. Denne modulen er lagt til slutten av haustsemesteret og første del av vårsemesteret første studieår.
Arbeidet i studiet vil bli organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs, bruk av Fronter og individuell rettleiing, bl.a. i form av læringssamtalar. Læringssamtalen (bl.a. mellom faglærar, øvingslærar og student) skal vere ein hjelp til å bli bevisst kva du har lært, og kva du må lære for å bli ein god norsklærar. Det dreier seg om å reflektere over eigen progresjon i forhold til dei fastsette måla for faget.
Semesterplanen, som du får utdelt i byrjinga av kvart semester, er eit bindande dokument. Her blir innhaldet og den praktiske gjennomføringa av semesteret presisert.
Nokre av forelesingane vil krevje obligatorisk frammøte. Kva for tema dette gjeld, vil bli presentert ved studiestart og presisert i semesterplanane.
Det er viktig å skrive mykje i eit fagstudium. Tekstane du skriv, i ulike sjangrar, skal du samle i ei arbeidsmappe. Arbeidsmappa skal romme alt du skriv i løpet av semesteret: smått, stort, uferdig og meir gjennomtenkte tekstar. Nokre av desse tekstane vil du få tilbakemelding på av faglærar medan andre blir det forventa at du sjølv, saman med medstudentar, gir tilbakemelding på. Målet med mappearbeid er at du alltid kan arbeide vidare med tekstane over tid. Faglærar skal ikkje rettleie mappearbeida fram til ”ferdig tekst”, men dei må vere av ein slik kvalitet at faglærar kan godkjenne arbeidsmappa som dokumentasjon på arbeidskrav. Arbeidsmappa må vere godkjend før du kan gå opp til eksamen.
I løpet av studiet vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis, og du skal delta i arbeid på tvers av fag.
Vurderingsformer
Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet – undervegsvurdering og sluttvurdering. Undervegsvurderinga er den fortløpande vurderinga du vil få, i form av tilbakemeldingar på munnleg og skriftleg arbeid. Sluttvurdering vil du få etter kvar modul.
Sluttvurdering etter modul 2 er ein munnleg gruppeeksamen med individuell gradert karakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kirsten Palm <Kirsten.PalmSPAMFILTER@hit.no> - 02.06.2010