515 Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar, årsstudium

Målgruppe og opptakskrav

Studiet er eit tilbod til utanlandske studentar som planlegg vidare studiar i Noreg.

Søkjaren må fylle dei allmenne opptakskrava ved ein høgskole / universitet, (generell studiekompetanse), der det inngår krav om engelskkunnskapar etter nærare retningliner. Det krevst ikkje kunnskapar i norsk språk før opptak.

Mål for studieprogrammet

Studiet har som formål å gje studentane kunnskap og dugleik som trengst for å kunne studere ved norske høgskolar og universitet. Det blir lagt særleg vekt på å gje studentane gode allmennkunnskapar i norsk språk. Studiet skal også gjere det lettare for studentane å finne seg til rette i det norske samfunnet.

Videre studiemuligheter

Bestått studium med eksamensresultat dekkjer norskkravet ved opptak til studium i Noreg.

Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning


Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar, studieår 2010/2011
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
2207 Norsk skriftleg 30,00 O 15 15
2208 Norsk munnleg 30,00 O 15 15
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Studiet er samla om to fagområde: norsk språk og norsk samfunnskunnskap. Under studiet skal ein sjå desse fagområda mest mogleg i samanheng. Hovudvekta blir lagd på norsk språk, særleg praktisk språkdugleik.

Arbeids- og læringsformer

Forelesingar, gruppearbeid, øvingar og heimearbeid. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga og alle prøver. Studentane må delta i minst 80% av all undervisning og få godkjent minst 80% av alle innleveringsoppgåvene for å få lov til å gå opp til eksamen. Det er også obligatoriske ekskursjonar og vinterveke på fjellet. Studentane må kalkulere med ei utgift til dette på kr 1500 - 2000.

Vurderingsformer

Studiet blir avslutta med ein skriftleg eksamen og ein munnleg eksamen der kvar eksamen tel likt.Ei semesteroppgåve må vera godkjent til påske. Alle eksamensdelane må vera bestått for å få bestått studium. Det blir gitt ein samla karakter for fullført årsstudium.

Ved vurderinga av eksamensprøvene blir det brukt karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og E er dårlegaste ståkarakter.


Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 09.09.2010