VUDTM Tradisjonsmat
Målgruppe og opptakskrav
Studiet vender seg til
- Etablerarar og etablerte innan landbruk, som treng kompetanseheving når det gjeld foredling og omsetjing av lokale ressursar og gardsturisme
- Vidareutdanningsstudentar innan ulike skuleslag, personar innan reiseliv, kokkar ved restaurantdrift og institusjonar
- Andre som er interesserte i norsk mattradisjon
Opptakskrav:
Generell studiekompetanse.
Dei som ikkje har generell studiekompetanse, får individuell vurdering av kvalifikasjonane sine i høve til realkompetanse.
Mål for studieprogrammet
- Å gje ei innføring i - og forståing for norsk matkultur og mattradisjonar
- Å gje kjennskap til måltids- og samværskultur knytta til kvardag og fest, også dei symbolske og rituelle sidene ved matkulturen
- Å gje ein grunnleggjande kunnskap om ulike sider ved matlaging og matforsking
- Å gje studentane evne til å nytte tradisjonsmateriale i nyare samanhengar
Videre studiemuligheter
Studiet kan vere del av ei bachelorgrad
Studieprogrammets innhold, oppbygging og sammensetning
Obligatorisk emne:
|
Mattradisjonar, drikkekultur og skikkar fylgjer oss frå vogge til grav, er ein del av vårt kvardagsliv og våre høgtidsmarkeringar. Det er ein tradisjon som vi er i ferd med å miste, og som fleire i dag ser verdien av. Som ei motvekt til livsmiddelindustriens masseproduserte, anonyme mat, er det også eit behov i tida for nærleik til råstoff og natur og for regional og lokal tilknyting.
Dette vil studiet fange opp og vera ein inspirator og kunnskapsformidlar for dei som ynskjer eigen kompetanseheving innan dette område. Det kan vera med tanke på foredling av lokale ressursar, småskalaproduksjon, gardsturisme eller andre tiltak. Sentralt i studiet blir fokusering på regionale og lokale mattradisjonar og det mangfald som tradisjonsmat utgjer.
Studiet er eit deltidsstudium som går over eit år og utgjer ei halvårseining (30 studiepoeng) Det er organisert i 10 samlingar på årsbasis, til vanleg ein gong i månaden over tre dagar. I tillegg kjem ei samling der det er sett av tid til ein felles studietur.
Studiet er ein kombinasjon mellom teoretiske og praktiske fag. Den praktiske delen vil omfatte matlaging, demonstrasjonar og møte med lokale tradisjonsberarar gjennom overføring av handlingsboren kunnskap. Det vil og vera ekskursjonar til lokale småskalaprodusentar.
Den teoretiske delen vil mest mogleg vera knytt opp til det praktiske og vil vera i form av førelesingar, gruppearbeid eller dialogbasert på individuelle oppgåver.
Studentane må drive sjølvstudium mellom samlingane, både når det gjeld arbeid med prosjektoppgåver og tileigning av det teoretiske pensumet.
INNHALD
Studiet er delt opp i 5 hovedemner med ulik vekting:
- Mat og kultur – 6 studiepoeng
- Mat og landbrukspolitikk – 3 studiepoeng
- Mat, helse og hygiene – 3 studiepoeng
- Mat og praktisk tillaging. – 15 studiepoeng
- Fagdidaktikk – 3 studiepoeng
Mat og kultur
Matkultur er ein grunnleggande del av eit lands kultur. ”Kulturens sjel”, vert det sagt. Det vil seie at mat og mattradisjon har ei sterk identitets-skapande side.
I dette studiet ynskjer ein å formidle kunnskap om matkultur og forståing for verdien av å halde levande denne delen av kulturarven.
Delemne:
- Kosthald og mattradisjon i historisk perspektiv sett i ein økologisk/ økonomisk og sosiokulturell samanheng
- Forrådshushaldet. Lokale matvarer i høve til handelsvarer og kolonialvarer, påverknad og utvikling.
- Mat og måltid. Samværsformer, matens sosiale, symbolske og religiøs/rituelle betydning. Mat og identitet.
- Mat til kvardag og fest, høgtider, ulike årstider, og i høve til alder, kjønn og status. Regionale og lokale skikkar.
- Mat og tillaging. Eldstad og byggeskikk. Utvikling av kokekar, reidskap, tekniske nyvinningar og korleis dette påverker matkulturen. Ord og uttrykk i samband med mat.
Mat og landbrukspolitikk.
Landbrukspolitikken har nær samanheng med produksjonsmåtar og foredling av mat.
Studiet vil gje ei innføring i desse emna:
Delemne:
- Norsk, europeisk og global jordbrukspolitikk
- Handlingsplan for ”Norsk matkultur”
- Utnytting av lokale ressursar i småskalaproduksjon og reiselivs-samanheng
Mat, helse og hygiene
Delemne:
- Mat i eit helse- og ernæringsperspektiv
- Hygiene i historisk perspektiv og kunnskap om hygieniske forholdsreglar
- Krav til hygiene i samband med produksjon og formidling av næringsmidlar.
Mat og praktisk tillaging
Studentane skal tileigne seg grunnleggande kjennskap til norsk mattradisjon og ferdigheter i tradisjonell bruk av råstoffa. I individuelle oppgåver kan studentane eksperimentere seg fram til nye rettar og smaksvariasjon med basis i det tradisjonelle.
Semesterplanen kan variere frå år til år, men det er naturleg at samlingane i hausthalvåret vil ta for seg kjøt og fisk. Hausten var, og er, tid for innlandsfiske, jakt og slakt. Kjøt blei sjeldan nytta ferskt i eldre tid, så ulike former for konservering har vore viktig. Hausten er og tid for frukt og bærsanking.
Både korn og mjølk er utgangspunkt for utallige lokale variantar av bakst og mjølkeprodukt. I tillegg kjem poteten, andre rotvekster og viltveksande urter.
Delemne:
- Tradisjonell utnytting av kjøt og fisk, frå slakt til ferdige rettar
- Langtidsoppbevaring, ulike former for konservering
- Bruk av bær og frukt
- Tradisjonelt arbeidsliv, reiskap, gogner og metoder knytt til korn og mjølk
- Tradisjonell bakst og mjølkerettar
- Frå bygg til malt og øl.
- Vegetabilar. Urter til mat og medisin.
Fagdidaktikk
Eit overliggande mål for studia i folkekultur er å setje studentane i stand til å arbeide for vern, vidareføring og fornying av tradisjonen. I prosjektoppgåvene sine ser ein gjerne at studentane tek utgangspunkt i eigen lokal mattradisjon, då dei etter fullført studium kanskje skal nytte kunnskapen i eigne lokalsamfunn. Ein vil og oppmuntre til eksperimentering med basis i tradisjonen. Til formidlinga høyrer også borddekking, måltidet og samværsforma.
Delemne:
- Klassikarar innan studiet av mat
- Planlegge, gjennomføre og vurdere konsekvensane av formidling av tradisjonsmat i ulike samanhenger.
- Presentere ulike former for tradisjonsmat gjennom t.d. utstilling eller demonstrasjon
- Gjennomføre og presentere to prosjektarbeid
Det første prosjektarbeidet er ei fordjupingsoppgåve som studentane arbeider med i første semesteret og som leverast inn før jul for godkjenning. Studentane presenterer oppgåva gjennom ei munnleg framlegging for medstudentar. Denne prosjektoppgåva kan godt vere eit forprosjekt til oppgåva som skal utførast som avsluttande eksamen.
Arbeids- og læringsformer
Arbeidsmåtane må tilpassast organiseringa av studiet.
Om lag halvparten av tida under samlingane vil gå til praktisk arbeid med mat. Det vil vera i form av demonstrasjonar, men for det meste med aktiv deltaking og sjølstendig arbeid under rettleiing. Det teoretiske grunnlaget for matlaging vil bli nært knytt til det praktiske. I alle hovedemna vil det bli arbeidd med teori, gjennom førelesingar, gruppearbeid og litteraturstudier.
Nokre år vert det arrangera ein lengre studietur.
Mellom samlingane må studentane drive sjølvstudium i form av litteraturstudier, prosjektoppgåver og feltarbeid. Studenten skal få rettleiing i arbeidet med prosjektoppgåvene. Rettleiinga er både individuell og i samla klasse. Prosjektoppgåvene utgjer ein vesentleg del av studiet.
Studiet skal vera problemorientert, gjerne med utgangspunkt i lokal tradisjon.
Studentane skal før jul levere inn ei prosjektoppgåve som vert vurdert til godkjend / ikkje godkjend. Om oppgåva ikkje vert godkjend, får studentane ny frist for godkjenning i februar.
Den skriftlege eksamen er lagt til februarsamlinga.
Forholdet mellom teori/praksis
Studiet er lagt opp som ein kombinasjon av teori og praksis. Det teoretiske grunnlaget ved studiet vil bli nært knytta til det praktiske arbeidet.
Vurderingsformer
Vilkår for avsluttande vurdering:
I fyrste semester skal ein ha gjennomført ei fordjupingsoppgåve, som resulterer i utstilling eller demonstrasjon med ein skriftleg rapport. Oppgåva vurderast til godkjend/ ikkje godkjend.
For å gå opp til avsluttande eksamen, må alle pålagde obligatoriske oppgåver og obligatoriske arbeid vera godkjende. Studenten må ha fylgd minst 80 % av studieopplegget.
Avsluttande eksamen:
I andre semester arbeider ein med ei praktisk/teoretisk prosjektoppgåve, der ein hentar tilfang frå fleire sider av studiet; den historisk/kulturhistoriske delen, fagdidaktikken og det praktiske arbeidet. Arbeidet skal innehalde ein skriftleg del og eit praktisk resultat på grunnlag av ei sjølvalt problemstilling. Emnet skal ha ei lokal forankring og eit fornyande aspekt.
Den praktiske sida ved prosjektet kan presenterast som utstilling eller demonstrasjon.
Den skriftlege og den praktiske delen vert vekta i høve til oppgåva si vektlegging av teori og praksis. Om oppgåva har eit praktisk siktemål, vil denne delen telje mest i karaktersetjinga. Har oppgåva eit meir teoretisk perspektiv, vil det skriftlege arbeidet telje mest.
Samla karakter utgjer 3/5 del av endeleg karakter
Ein skriftleg eksamen på 4 timar, i det teoretiske pensumet. Denne vurderast til 2/5 av endeleg karakter
Det vert ført ein samanfattande karakter på vitnemålet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Bodil Akselvoll <Bodil.AkselvollSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 09.09.2010