American Literature and Culture 1600-1980 2008

Læringsutbytte

Studentane skal ha grunnleggande kunnskap om sentrale amerikanske forfattarar og forfattarskap, og om den kulturelle og idéhistoriske utviklinga i perioden, og skal kunne diskutere form og innhald i tekstpensumet ved bruk av relevant terminologi. Studentane vert forventa å kunne reflektere kritisk, i skriftleg og munnleg form, rundt temaet for emnet. På bakgrunn av denne kunnskapen og desse dugleikane skal dei vidare vere i stand til å orientere seg og vidareutvikle sin eigen kunnskap innan feltet.

Læringsmål

Emnet har som målsetjing å gjere studentane kjende med hovudlinene i amerikansk litteratur og samfunn frå kolonitida og fram til rundt 1980, og å gjere dei medvitne om litterær analyse og bruk av tekstkritisk terminologi. Emnet utgjer ein del av bakgrunnen for emnet 2009 The Contemporary English-Speaking World og vil slik sette dette i eit historisk perspektiv.

Innhold

Emnet vil følgje USA si utvikling fra koloni i utkanten av den vestlege verda til moderne supermakt ved å studere skjønnlitteratur fra eit breidt spekter av genrar, saman med sakprosa fra fleire historiske epokar. Tekstane vert altså lesne i deira politiske og/eller historiske kontekst, men vil også bli diskutert som frittståande verk. Hovuddelen av tekstane vil bli henta frå det 19. og det 20. århundre.

Organisering

Undervisninga vert organisert som førelesingar og seminar. Førelesingane vil gje bakgrunn for dei emneområda som vert tekne opp og vil også verte nytta til å gjennomgå pensumlitteratur. Seminara vert nytta til gjennomgang og diskusjon av pensumtekstar, og legg stor vekt på aktiv deltaking frå studentane, særleg med tanke på å fremje den munnlege kompetansen i faget.

Vurderingsformer

Undervegsvurdering i emnet, normalt midt i semesteret, vil omfatte skriftleg eller munnleg prøve og/eller innleveringar som tel til saman 40% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eller munnleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøver må være beståtte for å få bestått karakter i emnet. Ved begge eksamenar vert det gjeve karakterar på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste beståttkarakter og F er stryk.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Peter Fjågesund <peter.fjagesundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 31.03.2011