Barndom og modernitet 2587
Læringsmål
Emnet skal
- Anvende fagperspektiva og det teoretiske stoffet frå innføringsemnet på eit avgrensa tematisk materiale som omhandler barndom
- Studere barndom tverrfagleg og ut frå eit historisk, estetisk og fortolkande samfunnnsvitskapleg perspektiv
- Gi innsyn i teoriar og metodar innen nyare barndomsforsking
- Gi innsikt i korleis barndom er gitt av tid og stad og utforma forskjellig i ulike kulturelle og historiske samanhangar
- Gi innsikt i korleis barndom har endra seg i overgangen frå tradisjonelle til moderne samfunn og kulturar
- Gi innsikt i aktuelle spørsmål og problem knytta til barn i familie, skule, arbeid, natur, media og idrett
Innhold
Tyngdepunkta i emnet er
- Ulike perspektiv og teoriar som gir svar på spørsmåla Kva er eit barn? Kva er barndom?
- Barndomshistoriske endringar innan familie, skule og arbeid dei siste par hundreåra i den vestlege kulturen
- Disiplinering, sosialisering og læring av barn i eit samfunnsvitskapleg og historisk perspektiv
- Bilde av barn og barndom i idéhistoria og kunsten, særleg i diktinga, bildekunsten, media og samtidskulturen for øvrig
- Korleis barn, barndom og identitet konstrueras og korleis barn sjølve er aktive deltakarar i natur og friluftsliv og på ulike idrettsarenaer
Organisering
Undervisningsforma i fordjupingsemnet er seminar, med 3 timar pr veke. Seminarforma føreset aktiv deltaking frå studentane i form av førebudde innlegg og deltaking i diskusjonen. Undervisninga er ikkje obligatorisk, men faglærar råder studentene til å følgje seminaret, Undervisninga går i vårsemesteret.
Vurderingsformer
Midtvegs i semesteret skal studentane levere eit skriftleg arbeid på grunnlag av pensum som tel 20 % av karakteren i emnet. Sluttvurdering av fordjupingsemnet skjer ved prøveforelesing på 40 - 45 minutt eller ved munnleg eksamen. Desse eksamensformene tel 80 % av samla karakter i fordjupningsemnet. Kandidatane bestemmer sjølve om dei vil prøveforelese eller ha munnleg eksamen, men dei skal prøveforelese i det eine fordjupingsemnet og ha munnleg eksamen i det andre. Oppgåva til prøveforelesinga blir oppgitt av instituttet. Kandidatane melder frå ved oppmeldinga til det einskilde emnet kva for evalueringsform dei ønskjer.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Ellen Schrumpf <Ellen.SchrumpfSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 02.04.2011