English through the Ages 2029
Innhold
Det engelske språket har gjennomgått radikale endringar gjennom historia, fra år 700 e.Kr. til i dag. Emnet fokuserer på hovudtrekka ved periodane gamalengelsk, middelengelsk og tidlegmoderne engelsk, innan grammatikk, fonologi og vokabular. Språkendringane vert sett i relasjon til politiske, historiske og sosiale tilhøve, inkludert språkkontakt, og utviklinga mot eit nasjonalt standardspråk står sentralt. Gjennom å arbeide med tekstar vert studentane kjende med språket i dei forskjellige periodane, og kan gjere greie for grunnleggande lingvistiske kjenneteikn.
Gjennom å fokusere på språkutviklinga i engelsk søker emnet også å seie noko om språkendring generelt. Når og korleis endrar språk seg? Kva for faktorar spelar inn? Er språkendringar forutseielege?
Organisering
Førelesingar og seminar inntil 3 timar i veka. Hovudvekta er på seminarformen, og det vert lagt opp til diskusjonar, oppgåveløysing og aktiv studentdeltaking.
Vurderingsformer
Undervegsvurdering tel 40% av samla karakter. Skriftleg sluttprøve tel 60%. Både undervegsvurdering og sluttprøve må vere beståtte for å få karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no>,Øystein Heggelund <oystein.heggelundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 31.03.2011