Fantastisk litteratur 2115
Læringsutbytte
Kunnskap om fantastisk litteratur, særleg norsk og nordisk, på historisk bakgrunn. Kunnskap om teori på området.
Ferdigheit i å skrive resonnerande og argumenterande om fantastisk litteratur.
Kompetanse i å gi opplæring til andre - særleg elevar - om fantastisk litteratur.
Læringsmål
Studiet skal gi ei grunninnføring i emnet "fantastisk litteratur". Studentane skal lære å vurdere denne forma for litteratur i høve til anna dikting.
Innhold
Studentane skal lese eit utval verk og tekstar frå mellomalderen til nyare tid, som representerer ulike former for fantastisk dikting, og dessutan eit utval teoretisk litteratur i tilknyting til emnet.
Organisering
Undervisning i haustsemestret, 2 veketimar i 15 veker. Forelesing og seminar. Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk.
Vurderingsformer
Individuell heimeoppgåve på ca. 4000 ord, som tel 40 %, og 5-timars skriftleg sluttprøve, som tel 60 %. Begge prøvene må vere bestått for å få emnet godkjent.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Olav Solberg <olav.solbergSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 20.03.2011