Frå demokratiets fødsel til Bastillens fall. Verdshistoria før ca 1800 - nett 3501N

Læringsutbytte

Emnet skal gje dette læringsutbyttet:
Kunnskap og forståing:
• Godt oversyn over hovudtrekka i verdshistoria før ca. 1800.
• Brei kunnskap om viktige historiske hendinger i perioden, og bakgrunnen for dei.
• Forståing av metoder som vert nytta innanfor ulike felt av historiefaget.
• Forståing av korleis historisk kunnskap vert oppbygd.
Dugleik ein skal oppnå:
• Å kunne kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument etter historiefagets allmenne reglar for kritikk.
• Å kunne analysere historiske data, kjelder og litteratur, og å kunne trekkje selvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
• Å kunne organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent vis.
• Å meistra verktøy for informasjon og søking.
Kompetanse:
• Formidle fagleg innhald både munleg og skriftleg.
• Kunne arbeide sjølvstendig med ein gjeven problemstilling.
• Kunne sette seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
• Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
• Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar

Læringsmål

Emnet skal
• Gje ei sammenhengande oversikt over verdshistoria før ca. 1800.
• Gje faktiske kunnskapar knytta til tid, stad, viktige enkeltpersonar og samfunnsgrupper i perioden, særlig innanfor den europeiske kulturkrinsen, men også globalt.
• Øve opp evna til å vurdere historisk stoff kritisk og sjølvstendig
• Øve opp evna til eigen skriftleg og munleg framstilling av historisk stoff
• Gje kjennskap til historiefaglege metodar og diskusjonar, mellom anna korleis ulike metoder og spørsmål pregar tolkinga av fortida
• Trene argumentasjon og analytisk tenking.

Innhold

Tyngdepunkt i emnet er
– Samfunn og politikk i Hellas i antikken
– Den politiske utviklinga (republikk og keisardøme) i Roma
– Det romerske verdsriket
– Europa tek form, kristning, styreformer og nasjonar
– Samfunn, økonomi og kultur i mellomalderen
– Framveksten av sterke statsmakter og ein sterk, pavestyrt kyrkje
– Krisa i seinmellomalderen
– Den vestlege, kristne kyrkja vert splitta
– Krig og maktkamp i tidleg nytid
– Verdsmarknad og kulturmøte
– Fornyinga av kunstens, vitskap og politisk tenking
– Kampen for fridom i Vest-Europa og sigeren for dei autoritære kreftane i aust
Emnet er basert på forsking i og med at dei som undervis normalt er aktive forskarar. Kjeldemateriale frå læraren si forsking kan verta nytta som eksempel i forelesingar eller i øvingsoppgåver.
Emnet er ein del av det nett- og samlingsbaserte årsstudiet i historie (se eigen plan for dette). Det er meininga at ein tek det saman med spesialiseringsemnet 3531N, på 5 studiepoeng.

Organisering

Studieopplegget inneheld tre hovudkomponentar i tillegg til sjølvstendig pensumlesing:
1) Samlingar med forelesingar – ein i byrjinga og ein i slutten av semesteret, kvar på to dagar (fredag ettermiddag og laurdag formiddag).
2) Fronter – vert nytta til utlegging av materiale, inkludert oppgåvetekst til obligatoriske oppgåver, og til alle innleveringar. Lydfilar med faglege foredrag/studiosamtaler vert lagt ut kvar uke. Powerpointar, tekstsamandrag og ikkje-obligatoriske oppgåver vert lagt ut meir sporadisk.
3) Ukentlege gruppesamtalar til faste tider via Skype eller Nefsis. Anna direkte kontakt mellom lærarar og studentar skjer pr. e-post eller ordinær telefon. Det vil også verte lagt til rette for gruppearbeid over nettet.

Vurderingsformer

Vurderinga består av ein skriftlig obligatorisk oppgåve undervegs i kurset og ein skriftleg sluttprøve på 3 timar. Skriftlege eksamenar, der drøftande essay-oppgåver normalt vil vere ein viktig del, er valt for å prøve både studentanes kunnskapar om og forståing av den historiske utviklinga, og deira evne til analytisk og kritisk tenking, jf. punkta om læringsutbytte over.

Den obligatoriske oppgåva får karakteren Bestått eller Ikkje bestått. Sluttprøva får karakter etter ein bokstavskala på fem trinn fra A til E for bestått og F for ikke bestått. Ved bestått obligatorisk oppgåve er det karakteren på sluttprøva som verdt gjeldande karakter i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 23.11.2012