Grammatikk og pragmatikk 2111

Læringsutbytte

Etter å ha studert emnet skal studentane kunne

- gjere greie for viktige trekk ved moderne norsk morfologi og syntaks

- gjere greie for viktige tema innanfor pragmatikk og tekstlingvistikk

- buke kunnskapane til å analysere språkleg materiale, t.d. i grammatisk og tekstleg analyse

- sjå norsk språkstruktur frå eit andrespråksperspektiv

- drøfte ulike synsmåatar og analysemåtar i tilknyting til temaa i emnet

- trekkkje linjer mellom dei ulike temaa i emnet

- skrive bokmål og nynorsk korrekt og godt

Læringsmål

Studentane skal ha innsikt i norsk morfologi, syntaks og grammatisk analyse. Dei skal vidare ha innsikt i språklege strukturar på tekstnivå for å kunne beskrive språket brukt i kommunikasjonssamanheng. Dessutan skal dei få noko kjennskap til norsk språksystem sett i kontrastivt perspektiv. Dei skal kjenne dei gjeldande skriftspråknormalane i nynorsk og bokmål.

Innhold

Norsk språkstruktur (morfologi og syntaks), og språket brukt som kommunikasjonsmiddel (pragmatikk/ språkbruksanalyse).

Organisering

Haustsemesteret, 7 veketimar i 15 veker. Forelesing, seminar og gruppeøving.

Emnet går inn i bachelorgraden i språk og litteratur med fordjuping i norsk, og i årsstudiet i norsk. Emnet er obligatorisk for studentar som vil ha undervisningskompetanse i norsk i grunn- og vidaregåande skole.

Vurderingsformer

2 timars individuell oppgåve i elementær språkkunnskap, som skal vere stått før kandidaten kan framstille seg til sluttprøva. Det blir også gitt obligatoriske oppgåver, som skal vere godkjende før sluttprøva.
Individuell heimeoppgåve på ca. 4000 ord i pragmatikk og tekstanalyse, som tel 40 %.
5 timars sluttprøve, som tel 60 %.
Det krevst ståkarakter på både heimeoppgåva og sluttprøva. Begge skal skrivast på bokmål.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eivind Landmark <Eivind.LandmarkSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 20.03.2011