Introduction to English Language 2005

Læringsutbytte

Ved avslutta emne skal studenten ha kjennskap til grunnleggjande terminologi innan grammatikk og fonetikk, og kunne nytte terminologien på faktiske språklege døme. Den teoretiske kunnskapen skal kunne nyttast slik at studenten sin eigen engelsk vert korrekt og idiomatisk både munnleg og skriftleg. Ein skal vidare kjenne til dei vanlegaste uttalevanskane og grammatiske feila hjå norske elevar, i tillegg til hovudforskjellane mellom engelsk og norsk grammatikk. Studenten skal kunne gjere greie for korleis det engelske språket har utvikla seg historisk, og ha kjennskap til variantar av engelsk rundt omkring i verda.

Læringsmål

Målsettinga er at studenten skal få innsikt i hovudtrekka i engelsk grammatikk, i det engelske lydsystemet, og i den historiske utviklinga til det engelske språket. Vidare er målet, i kombinasjon med emnet 2010 Practical English, å gjere studenten i stand til å bruke språket både skriftleg og munnleg på ein korrekt og idiomatisk måte.

Innhold

Emnet vil gje ein brei oversikt over lydsystemet i det engelske språket og gje en generell innføring i det grammatiske formverket og korleis språket er bygd opp.

Organisering

Emnet har fire undervisningstimar i veka, fordelt på førelesinger og seminar. Dei enkelte emneområda vert gjennomgått og forklart på førelesingane. I seminarundervisninga får studentane høve til å arbeide med enkelttema gjennom oppgåveløysing og diskusjon.

Vurderingsformer

Undervegsvurderinga i emnet vil omfatte prøver og/eller innleveringar som tel til saman 40% av den endelege karakteren. Avsluttande munnleg eller skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøver må vere beståtte for å få bestått karakter i emnet. Det vert gjeve karakterar på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste beståttkarakter og F er stryk.

Ein føresetnad for godkjenning av emnet er innlevering av minst fire godkjende skriftlege arbeid, og minst to av desse må vere i grammatikk og minst to i fonetikk. Desse arbeida får ikkje karakter, men må vere beståtte og vert rekna som ein del av arbeidskrava i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Peter Fjågesund <peter.fjagesundSPAMFILTER@hit.no>,Thor Sigurd Nilsen <Thor.S.NilsenSPAMFILTER@hit.no> - 16.02.2011