Kulturvern 208

Læringsutbytte

  • Kunnskap om framveksten av kulturvern, med vekt på norske tilhøve.
  • Kunnskap om organisering og arbeidsdeling innan kulturvernet.
  • Evne til å vurdere kulturuttrykk frå ein kulturvernars synsvinkel.
  • Forståing for den samfunnsrolla kulturvernet kan ha.
  • Generell kjennskap til formidlingsformer innan ulike delar av kulturvernet.
  • Auka medvit om verdien av immateriell kulturarv.

Læringsmål

Studenten skal kjenne den historiske utviklinga på kulturvernområdet, utvikle ei forståing av kulturvernet sin plass i samfunnet og kunne gjere greie for politikk og organisering på kulturvernfeltet. Studenten skal kjenne dei sentrale kulturvernområda og samanhengar mellom materiell og immateriell kultur. I tillegg skal studenten ha kunnskap om formidling innafor området og vite kva rolle kulturvernet har i andre sektorar.

Innhold

Forholdet mellom immaterielt og materielt kulturvern
Museum, arkiv og kulturminnevern
Det friviljuge kulturvernarbeidet
Formidling på kulturvernfeltet
Lovverk og forvaltning
Kulturvernet si rolle på ulike nivå i samfunnet
Historisk framvekst og utvikling
Offentlege styringsdokument og rammer for kulturvernfeltet

Organisering

Forelesingar og seminar, fagturar, framlegging av skriftleg arbeid og munnlege øvingar.
Obligatorisk deltaking på felles fagturar og seminar for heile kullet. Ved manglande frammøte må studenten skrive ein rapport som tek føre seg det faglege innhaldet for turen eller seminaret.

Vurderingsformer

Obligatorisk, skriftleg undervegsprøve som tel 40 % av samla karakter. I tillegg ei skriftleg, individuell 5-timars sluttprøve som tel 60 %. Graderte karakterar frå A til F. Studenten må ha ståkarakter på begge prøvene for å få karakter i emnet.

Prøvene er valde for å måle kunnskap og generell kompetanse. Undervegsprøva, som er ein heimeeksamen, også for å evaluere evna til sjølvstendig å kunne tolke og vurdere eit kulturelt fenomen som har blitt observert.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter   < >,Hallgrim Høydal <hallgrim.hoydalSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 31.03.2011