Kunsthistorie 3312

Læringsutbytte

  • Kunnskap om framveksten av institusjonen kunst
  • Kunnskap om hovudtrekk i norsk og europeisk biletkunst og arkitektur frå ca 1750 og fram til vår tid
  • Kunnskap om sentrale epokar i kunstartane biletkunst, kunsthandverk og arkitektur, og bakgrunn for epokane
  • Forståing for sentrale endringar i kunstomgrep og årsak til endringane
  • Forståing for relasjonar mellom kunst og samfunn
  • Kunne analysere og fortolke kunst og arkitektur frå perioden på ein metodisk måte
  • Kunne ta kritisk stilling til idéar frå ulike kunst- og arkitekturhistoriske epokar
  • Evne til å formidle fagleg innhald muntleg og skriftleg på eit strukturert vis
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig med gitte problemstillingar
  • Evne til å setje seg inn i perspektiv frå ulike kunsthistoriske epokar

Læringsmål

Studenten skal kjenne til norsk og europeisk kunst og arkitektur frå ca 1750 og fram til vår tid

Studenten skal kjenne til og forstå form og innhald i kunst frå sentrale epokar og retningar innan ulike kunstartar i lys av kulturelle og samfunnsmessige forutsetningar. I tillegg skal studenten øve opp evne til kritisk analyse av kunsthistorisk tenking og argumentasjon.

Innhold

  • Framveksten av institusjonen kunst
  • Sentrale epokar og retningar i kunstartane biletkunst, kunsthåndverk og arkitektur
  • Kunsten og kunstnarane sin rolle i samfunnet
  • Sentrale teoriar om biletanalyse
  • Norsk kunst- og kunstnarpolitikk

Organisering

Forelesningar, kollokviearbeid, fagturar, arbeidskrav med munnleg framlegging og skriftleg innlevering.

Obligatorisk deltaking på felles fagturar for heile kullet. Ved manglande frammøte må studenten skrive ein rapport som tek føre seg det faglege innhaldet på turen.

Arbeidskrav er også obligatoriske.

Vurderingsformer

Obligatorisk skriftleg oppgåve som tel 40% av samlet karakter. Skriftleg individuell 5-timers sluttprøve som tel 60%. Graderte karakterar frå A (best) til F (stryk) på prøvane. Studenten må ha ståkarakter på begge prøvane for å få karakter i emne.

Arbeidskrav vurderast til Bestått/Ikke bestått. Obligatoriske arbeidskrav må vere bestått for å få godkjend karakter i emne.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Bente Støa <Bente.StoaSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 03.03.2011