Miljøhistorie 3531
Læringsutbytte
Kunnskap: studenten skal få kunnskap henta frå et breidt spekter av historiske årsaker til miljøendringar – naturlege og menneskeskapte – og konsekvensane av desse.
Dugleikar: studenten skal utvikle ein solid bevissthet og evne til kritisk refleksjon rundt mennesket si sentrale rolle og ansvar for forandringar i miljøet.
Kompetanse: studenten skal kunna nytte kunnskapen om og medvitet omkring temaet i relevante jobbsamanhengar og i rolla si som samfunnsborgar. Emnet skal særleg gjere studenten i stand til å sjå miljøproblematikken frå forskjellige faglege og samfunnsmessige perspektiv.
Læringsmål
Emnet har som mål å formidle ei brei forståing av både naturlege og menneskeskapte miljøendringar gjennom historia. Vidare skal det skape eit reflektert og kritisk medvit om grunnane for og konsekvensane av desse endringane. Endeleg skal det tydeliggjere korleis miljøproblematikken har relevans for ei rekkje forskjellige fagområde.
Innhold
Miljøet og endringane i miljøet er delvis eit resultat av naturlege prosessar utanfor mennesket sin kontroll, og delvis resultatet av eit komplisert vekselspel mellom mennesket og naturen. Emnet, som er både kultur- og vitskapshistorisk, vil gje ein kort oversikt over førhistoriske miljøforandringar, men vil særleg konsentrere seg om korleis mennesket gjennom historia (dvs. de siste årtusena) har påverka og endra miljøet på jorda. Hovudvekta vil ligge på utviklinga frå industrialiseringa og fram til i dag. Emnet vil gå gjennom ei rekkje menneskelege inngrep, som t.d. jakt og fiske, jordbruk, hogst, regulering av vatn, industrialisering osb., og korleis desse har påverka miljøet.
Organisering
Undervisninga vert organisert som ei veksling mellom førelesingar og seminar (tre timar i veka). Førelesingane vil gje bakgrunn for dei temaområda som det vert fokusert på i pensum, og fungere som innleiing til diskusjonar og samtaler om desse. Undervisninga vert gitt av lærarar med forskjellig fagbakgrunn (både naturvitskapeleg og humanistisk/samfunnsvitskapeleg) for å ivareta spennvidda i temaet.
Vurderingsformer
Undervegsevaluering i emnet vil omfatte ei skriftleg prøve som tel til saman 40% av den endelege karakteren. Avsluttande skriftleg eksamen tel 60%. Både undervegs- og sluttprøver må vere beståtte for å få bestått karakter i emnet. Ved begge eksamenar vert karakterskalaen A til F nytta, med E som lågaste ståkarakter.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Peter Fjågesund <peter.fjagesundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 21.02.2011