Mot ei verd. Verdshistoria etter ca. 1800 3502

Læringsutbytte

Emnet skal gje dette læringsutbyttet:

Kunnskap og forståing:

  • Godt oversyn over hovudtrekka i verdshistorie etter ca. 1800.
  • Brei kunnskap om viktige historiske hendingar i perioden, og bakgrunnen for dei.
  • Forståing av metodar som vert bruka innafor ulike felt av historiefaget.
  • Forståing for korleis historisk kunnskap blir bygt opp.

Dugleik:

  • Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument ut frå historiefagets allmenne reglar for kritikk.
  • Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
  • Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
  • Ha kjennskap til informasjons- og søkjeverktøy.


Kompetanse:

  • Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
  • Kunne arbeide sjølvstendig med ei gjeven problemstilling.
  • Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
  • Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
  • Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.

Læringsmål

Emnet skal

  • Gje ei samanhengande oversikt over verdshistoria etter ca. 1800.
  • Gje faktiske kunnskapar knytta til tid, stad, viktige enkeltpersonar og samfunnsgrupper i perioden, særleg innan den europeiske kulturkrins, men også globalt.
  • Øve opp evna til å vurdere historisk stoff kritisk og sjølvstendig
  • Øve opp evna til eiga skriftleg og munnleg framstilling av historisk stoff
  • Gje kjennskap til historiefaglege metodar og diskusjonar, m.a. korleis ulike metodiske tilnærmingsmåtar og spørsmålsstillingar pregar tolkinga av fortida
  • Trene argumentasjon og analytisk tenking.

Innhold

Tyngdepunkt i emnet er

  • Den industrielle revolusjonen – som forandra verda
  • Den franske revolusjonen – som politisk sprengkraft i verda
  • Gjennombrotet for nasjonalstatstanken
  • Sosiale og økonomiske utviklingstrekk på 1800-talet
  • Imperialismen: Vesten legg verda under seg
  • Ideologiar og tilhøvet mellom ideologiar og politikk
  • Demokrati eller diktatur: dei store politiske motsetnadane i mellomkrigstida
  • Dei store katastrofene: første og andre verdskrig
  • Den kalde krigen og terrorbalansen
  • Avkoloniseringa
  • Tilhøvet mellom nord og sør, mellom industriland og «utviklingsland»
  • Samanbrotet i austblokka: Mot eit nytt verdsbilde?
  • Utfordringar knytta til miljø, folkevekst, migrasjon

Emnet er forskingsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser. Faglæraranes eiga forsking kan i nokre høve trekkjast direkte inn i undervisninga.

Emnet er ein del av årsstudiet i historie (sjå eigen plan for dette). Det er berekna å bli teke saman med emna 3501 og 3503, kvart på 10 studiepoeng. Desse tre emna er meint å kome først i årsstudiet, men det er også mogeleg å byrje årsstudiet om våren, med 30 studiepoeng i norsk historie (emna 3504, 3505 og 3506).

Organisering

Undervisninga blir vesentleg gjeve i form av forelesingar, men seminar kan også verte karakterar. Studentane vil da til dømes arbeide med oppgåver i timen eller leggje fram oppgåver som er gjort heime. Gjennom undervisninga vil tyngdepunkta i emnet verte gjennomgått og forklara med sikte på, i kombinasjon med studentanes sjølvstendige lesing av pensum, å nå læringsutbyttet omtala over. Totalt undervisningsomfang pr. veke vil normalt liggje på ca. fire timar. Undervisninga er ikkje obligatorisk. Faggruppa rår likevel til at undervisninga blir følgt regelmessig.

Ved sida av undervisninga vil studentane ha stor nytte av å samtale om pensum og studieproblem i kollokvier, og lærestaden vil leggje til rette for at slike grupper vert organisert.

Det kan verte fastsett obligatoriske arbeidskrav, m.a. innlevering av oppgåvesvar. Å oppfylle dei obligatoriske arbeidskrava er i så fall eit vilkår for å gå opp til eksamen i emnet for alle studentar (også privatistar og kontinuantar med mindre det er gjeve fritak i kvart enkelt tilfelle).. Faglærar kan innkalle studenten til samtale før innleverte oppgåvesvar vert endeleg godkjende.

Vurderingsformer

Vurderinga er ei undervegsprøve og ei sluttprøve.Undervegsprøva er ei hjemmeoppgåve med stått/ikkje bestått. Sluttprøva er ein skoleeksamen på fire timar i slutten av semesteret. Heile pensum kan prøvast.

Det kan verte mindre justeringer i planen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no>,Nils Ivar Agøy <nils.i.agoySPAMFILTER@hit.no> - 20.06.2011