Mot ei verd. Verdshistoria etter ca. 1800 - nett 3502N
Læringsutbytte
Kunnskap og forståing:
- Godt oversyn over hovudtrekka i verdshistorie etter ca. 1800.
- Brei kunnskap om viktige historiske hendingar i perioden, og bakgrunnen for dei.
- Forståing av metodar som vert bruka innafor ulike felt av historiefaget.
- Forståing for korleis historisk kunnskap blir bygt opp.
Dugleik:
- Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument ut frå historiefagets allmenne reglar for kritikk.
- Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å trekkje sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
- Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
- Ha kjennskap til informasjons- og søkjeverktøy.
Kompetanse:
- Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
- Kunne arbeide sjølvstendig med ei gjeven problemstilling.
- Ha evne til å setje seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
- Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
- Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.
Læringsmål
Emnet skal
- Gje ei samanhengande oversikt over verdshistoria etter ca. 1800.
- Gje faktiske kunnskapar knytta til tid, stad, viktige enkeltpersonar og samfunnsgrupper i perioden, særleg innan den europeiske kulturkrins, men også globalt.
- Øve opp evna til å vurdere historisk stoff kritisk og sjølvstendig
- Øve opp evna til eiga skriftleg og munnleg framstilling av historisk stoff
- Gje kjennskap til historiefaglege metodar og diskusjonar, m.a. korleis ulike metodiske tilnærmingsmåtar og spørsmålsstillingar pregar tolkinga av fortida
- Trene argumentasjon og analytisk tenking.
Innhold
Tyngdepunkt i emnet er
- Den industrielle revolusjonen – som forandra verda
- Den franske revolusjonen – som politisk sprengkraft i verda
- Gjennombrotet for nasjonalstatstanken
- Sosiale og økonomiske utviklingstrekk på 1800-talet
- Imperialismen: Vesten legg verda under seg
- Ideologiar og tilhøvet mellom ideologiar og politikk
- Demokrati eller diktatur: dei store politiske motsetnadane i mellomkrigstida
- Dei store katastrofene: første og andre verdskrig
- Den kalde krigen og terrorbalansen
- Avkoloniseringa
- Tilhøvet mellom nord og sør, mellom industriland og «utviklingsland»
- Samanbrotet i austblokka: Mot eit nytt verdsbilde?
- Utfordringar knytta til miljø, folkevekst, migrasjon
Emnet er forskingsbasert i og med at det til vanleg er aktive forskarar som underviser. Faglæraranes eiga forsking kan i nokre høve trekkjast direkte inn i undervisninga.
Emnet er ein del av årsstudiet i historie på nett (sjå eigen plan for dette). Det er mogleg å begynne studiet kvart semester.
Organisering
Studieopplegget inneheld tre hovudkomponentar i tillegg til sjølvstendig pensumlesing:
1) Samlingar med forelesingar – ein i byrjinga og ein i slutten av semesteret, kvar på to dagar (fredag ettermiddag og laurdag formiddag).
2) Fronter – vert nytta til utlegging av materiale, inkludert oppgåvetekst til obligatoriske oppgåver, og til alle innleveringar. Lydfilar med faglege foredrag/studiosamtaler vert lagt ut kvar uke. Powerpointar, tekstsamandrag og ikkje-obligatoriske oppgåver vert lagt ut meir sporadisk.
3) Ukentlege gruppesamtalar til faste tider via Skype eller Nefsis. Anna direkte kontakt mellom lærarar og studentar skjer pr. e-post eller ordinær telefon. Det vil også verte lagt til rette for gruppearbeid over nettet.
Vurderingsformer
Vurderinga består av ein skriftlig obligatorisk oppgåve undervegs i kurset og ein skriftleg sluttprøve på 4 timar. Skriftlege eksamenar, der drøftande essay-oppgåver normalt vil vere ein viktig del, er valt for å prøve både studentanes kunnskapar om og forståing av den historiske utviklinga, og deira evne til analytisk og kritisk tenking, jf. punkta om læringsutbytte over.
Den obligatoriske oppgåva får karakteren Bestått eller Ikkje bestått. Sluttprøva får karakter etter ein bokstavskala på fem trinn fra A til E for bestått og F for ikke bestått. Ved bestått obligatorisk oppgåve er det karakteren på sluttprøva som verdt gjeldande karakter i emnet.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Jens Johan Hyvik <Jens.J.HyvikSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Eline Flesjø - 02.07.2012