Oversyn over norsk historie før 1800 3504

Læringsutbytte

Emnet skal gje dette læringsutbyttet:
Kunnskap og forståing:
• Godt oversyn over hovudtrekka i noregshistoria før ca. 1800.
• Brei kunnskap om viktige historiske hendinger i perioden, og bakgrunnen for dei.
• Forståing av metoder som vert nytta innanfor ulike felt av historiefaget.
• Forståing av korleis historisk kunnskap vert oppbygd.
Dugleik ein skal oppnå:
• Å kunne kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument etter historiefagets allmenne reglar for kritikk.
• Å kunne analysere historiske data, kjelder og litteratur, og å kunne trekkje selvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
• Å kunne organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent vis.
• Å meistra verktøy for informasjon og søking.
Kompetanse:
• Formidle fagleg innhald både munleg og skriftleg.
• Kunne arbeide sjølvstendig med ein gjeven problemstilling.
• Kunne sette seg inn i nye problemområde og analysere emne frå fleire sider.
• Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale og kulturelle opphav.
• Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar

Læringsmål

Emnet skal
• Gje ei sammenhengande oversikt over verdshistoria før ca. 1800.
• Gje faktiske kunnskapar knytta til tid, stad, viktige enkeltpersonar og samfunnsgrupper i perioden, særlig innanfor den europeiske kulturkrinsen, men også globalt.
• Øve opp evna til å vurdere historisk stoff kritisk og sjølvstendig
• Øve opp evna til eigen skriftleg og munleg framstilling av historisk stoff
• Gje kjennskap til historiefaglege metodar og diskusjonar, mellom anna korleis ulike metoder og spørsmål pregar tolkinga av fortida
• Trene argumentasjon og analytisk tenking.

Innhold

Tyngdepunkt i emnet er
– Land og folk frå istid til vikingtid
– Rikssamling og kristning
– Kongemakt og kyrkjemakt i høgmellomalderen
– Mellomaldersamfunnet
– Pest og krise
– Kalmarunionen og striden om den
– Reformasjon, rettsutvikling og kulturutvikling
– Kampen om herredømet i Norden
– Næringsliv og samfunnsgrupper i tidleg nytid
– Statsmakta og undersåttane
– Frå adelsvelde til einevelde
– Noreg i den dansk-norske heilstaten.
Emnet er basert på forsking i og med at dei som undervis normalt er aktive forskarar. Kjeldemateriale frå læraren si forsking kan verta nytta som eksempel i forelesinger eller i øvingsoppgåver.
Emnet er ein del av årsstudiet i historie (se eigen plan for dette). Det er meininga at ein tek det saman med emna 3502 og 3503, kvart på 10 studiepoeng. Desse tre emna lyt komme først i årsstudiet, men det er også mogleg å byrje årsstudiet om våren, med 30 studiepoeng i norsk historie (emna 3504, 3505 og 3506).

Organisering

Undervisinga vert vesentlig gjeven i form av forelesinger, men ein kan også nytte seminarform. Studentane vil da til dømes arbeide med oppgåver i timen eller framlegge oppgåver som er gjort heime. I forelesingene vert tyngdepunkta i emnet gjennomgått og forklart med sikte på, i kombinasjon med studentane si sjølvstendige lesing av pensum, å oppnå det læringsutbyttet som er nemnt ovanfor. Totalt omfang på undervisinga pr. uke vil normalt ligge på ca. fire timer. Undervisinga er ikke obligatorisk.Faggruppen tilrår likevel at undervisinga vert følgt regelmessig.

Attmed undervisinga vil studentane ha stor nytte av å samtale om pensum og studieproblem i kollokvie, og lærestaden vil leggje til rette for at slike grupper vert organisert.

Det kan verte fastsett obligatoriske arbeidskrav, mellom anna innlevering av oppgåvesvar. Oppfylling av dei obligatoriske arbeidskrava er i så tilfelle ein føresetnad for å gå opp til eksamen i emnet for alle studentar (også privatistar og kontinuantar, med mindre det er gjeven fritak i det enkelte tilfelle). Faglærer kan kalle inn studenten til samtale før endeleg godkjenning av innleverte oppgåvesvar.

Vurderingsformer

Vurderinga er ei skriftleg sluttprøve på fire timar. Heile pensum kan prøvast. Eksamensforma er valgt for å prøve både studentane sine kunnskapar om og forståing av den historiske utviklinga, og deira evne til analytisk og kritisk tenking og til skriftlig formidling, jf. punkta om læringsutbytte nemnt ovanfor. Det vert gjeven karakter etter ein femtrinns bokstavskala frå A til E for bestått og F for ikkje bestått.

Det kan verte mindre justeringer i planen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <eline.flesjoSPAMFILTER@hit.no>,Nils Ivar Agøy <nils.i.agoySPAMFILTER@hit.no> - 04.03.2011