Practical English 2010

Læringsutbytte

Ved avslutta emne skal studenten kunne bruke engelsk på ein korrekt og idiomatisk måte, både skriftleg og munnleg. Studenten skal kunne variere språkbruken på ulike stilnivå, og meistre ulike sjangrar. Munnleg skal studenten ha god flyt, uttale og intonasjon.

Studenten skal vere i stand til å reflektere over samanhengen mellom språklege uttrykksformer og språkleg innhald, inkludert korleis konkrete grammatiske konstruksjonar påverkar bodskapen ein sender ut.

Læringsmål

Målsettinga er å betre studentane si evne til å uttrykke seg godt og presist både skriftleg og munnleg i engelsk. Studentane skal lære å skrive korrekt, klar og variert engelsk, og å uttrykke seg med flyt og presisjon munnleg.

Innhold

Kurset tek for seg ulike aspekt ved engelsk språkbruk. Den skriftlege komponenten vil fokusere på mellom anna stilnivå, vokabular, tekstflyt og sjangerlære, medan studentane si uttale, trykk og intonasjon vert vektlagt i den munnlege delen.

Organisering

Emnet har to undervisningstimar i veka. Det vert lagt opp til aktiv studentdeltaking og trening av praktiske dugleikar, både gjennom produksjon av mindre tekstar og gjennom munnlege presentasjonar.

Vurderingsformer

Undervegsvurderinga i emnet vil vere samansett av skriftlege og munnlege arbeid som tel til saman 60% av endeleg karakter. Avsluttande munnleg eller skriftleg eksamen tel 40%. Både undervegs- og sluttprøve må vere bestått for å få bestått karakter i emnet. Det vert gjeve karakter på ein skala frå A til F, der E er dårlegaste beståttkarakter.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Peter Fjågesund <peter.fjagesundSPAMFILTER@hit.no>, sist oppdatert av Ian Hector Harkness - 02.04.2011