Spesialiseringsemne i norsk historie etter 1800 - nett 3534N

Læringsutbytte

Kunnskap og forståelse:
* Inngåande kunnskap om enkelttrekk relevant for temaet: t.d. personar, samfunnsgrupper, institusjonar, økonomiske og ideologiske tilhøve, og hendingar knytt til desse.
* Kunnskapar om samanhengar og utviklingstrekk i tidsromet tema dekkjer.
* Kunnskap om metodar brukt i analysar av tema.
* Lære korleis historisk kunnskap er bygd opp.
Ferdigheter:
* Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument i tråd med historiefagets allmenne reglar for kritikk.
* Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av aksepterte terminologiar og teknikkar i faget.
* Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å dra sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
* Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
* Ha kjennskap til informasjons- og søkeverktøy.
Kompetanse:
* Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
* Kunne arbeide sjølvstendig med ei oppgjeven problemstilling.
* Ha evne til å analysere emne frå fleire sider.
* Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale, kulturelle og historiske opphav.
* Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.

Læringsmål

* Å gje inngåande kjennskap til to avgrensa tema i norsk historie, eitt i tida før 1800 og eitt i tida etter.
* Å gje faktiske kunnskapar om dei to tema knytt til tid, stad, viktige enkeltpersonar, samfunnsgrupper og samfunnsinstitusjonar.
* Gje kjennskap til kjeldegrunnlag og relevant forskingslitteratur for tema.
* Øve opp evna til å vurdere stoffet i emnet kritisk og sjølvstendig.
* Gje kjennskap til tolking av kjelder ved å leggje opp eit utval kjelder relevant for tema.
* Øve opp evna til eigen skriftleg og munnleg framstilling av historisk stoff.
* Trene opp argumentasjon og analytisk tenking.

Innhold

Emnet er forskingsbasert i og med at undervisningspersonalet normalt er sett saman av aktive forskarar. Kjeldemateriale frå forskinga til faglærarane vil kunne bli brukt som døme i forelesingar eller i øvingsoppgåver.
Emnet vekslar mellom ulike enkelttema. Kva for tema som blir tilbydd i undervisninga og kor mange blir avgjort for kvart studieår og er avhengig av disponeringa av lærarressursane og talet på studentar som melder seg på emnet.
Døme på tema:
- Kjønn, kropp og arbeid
- ’Det moderne gjennombrotet’ – kulturbrytningar i Noreg på slutten av 1800-talet
- Innvandring, innvandringspolitikk og holdningar til ’dei framande’ etter 1860
- Militær motstand i Noreg under den andre verdskrigen
- Norsk utanriks- og tryggingspolitikk etter 1945

Organisering

Undervisninga blir gjeven i form av seminar, unntaksvis forelesing. Totalt undervisningsomfang pr. veke vil normalt ligge på ca. 5-6 timar.

Undervisninga er obligatorisk. Det er dessutan fastsett obligatoriske arbeidskrav om innlevering av to oppgåver i kvart av dei to hovudtema emnet er sett saman av. Ei av dei kan vere munnleg, dei andre skriftlege. Oppfylling av dei obligatoriske krava er eit vilkår for å gå opp til eksamen i emnet. Faglærar kan innkalle studenten til samtale før endeleg godkjenning av innleverte oppgåver.

Privatistar kan få avtale om å sleppe dei obligatoriske krava mot å innlevere fleire oppgåver.

Gjennom undervisninga vil tyngdepunkta i emnet bli gjennomgått og forklart med sikte på, i kombinasjon med studentanes sjølvstendige lesing av pensum, å oppnå læringsutbyttet slik det er formulert ovanfor.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over ei veke. Studentane skal i løpet av perioden fram til eksamen arbeide ut eit avgrensa tema for oppgåva som skal formulerast ferdig i samråd med faglærar. Privatistar har heimeeksamen over ei veke med oppgåver utforma av faglærar. Etter den skriftlege prøva blir studentane kalla inn til ei munnleg prøve.

Det blir gjeve karakter etter en femtrinns bokstavskala fra A til E for bestått og F for ikkje bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 17.06.2011