Spesialiseringsemne i norsk historie før 1800 - nett 3533N

Læringsutbytte

Kunnskap og forståelse:
* Inngåande kunnskap om enkelttrekk relevant for temaet: t.d. personar, samfunnsgrupper, institusjonar, økonomiske og ideologiske tilhøve, og hendingar knytt til desse.
* Kunnskapar om samanhengar og utviklingstrekk i tidsromet tema dekkjer.
* Kunnskap om metodar brukt i analysar av tema.
* Lære korleis historisk kunnskap er bygd opp.
Ferdigheter:
* Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument i tråd med historiefagets allmenne reglar for kritikk.
* Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av aksepterte terminologiar og teknikkar i faget.
* Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å dra sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
* Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
* Ha kjennskap til informasjons- og søkeverktøy.
Kompetanse:
* Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
* Kunne arbeide sjølvstendig med ei oppgjeven problemstilling.
* Ha evne til å analysere emne frå fleire sider.
* Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale, kulturelle og historiske opphav.
* Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar

Læringsmål

Å gje inngåande kjennskap til eit avgrensa tema i norsk historiei tida før 1800

* Å gje faktiske kunnskapar om tema knytt til tid, stad, viktige enkeltpersonar, samfunnsgrupper og samfunnsinstitusjonar.
* Gje kjennskap til kjeldegrunnlag og relevant forskingslitteratur for tema.
* Øve opp evna til å vurdere stoffet i emnet kritisk og sjølvstendig.
* Gje kjennskap til tolking av kjelder ved å leggje opp eit utval kjelder relevant for tema.
* Øve opp evna til eigen skriftleg og munnleg framstilling av historisk stoff.
* Trene opp argumentasjon og analytisk tenking

Innhold

Emnet er forskingsbasert i og med at undervisningspersonalet normalt er sett saman av aktive forskarar. Kjeldemateriale frå forskinga til faglærarane vil kunne bli brukt som døme i forelesingar eller i øvingsoppgåver.
Emnet vekslar mellom ulike enkelttema. Kva for tema som blir tilbydd i undervisninga og kor mange blir avgjort for kvart studieår og er avhengig av disponeringa av lærarressursane og talet på studentar som melder seg på emnet.
Døme på tema:
- Heidendom og kristendom ca. 800-1100
- Kong Sverre - mannen og kongedømet
- Trolldomsprosessar med vekt på tida 1550–1700

Organisering

Undervisninga blir gjeven i form av seminar, unntaksvis forelesing. Totalt undervisningsomfang pr. veke vil normalt ligge på ca. 5-6 timar.

Undervisninga er obligatorisk. Det er dessutan fastsett obligatoriske arbeidskrav om innlevering av to oppgåver i kvart av dei to hovudtema emnet er sett saman av. Ei av dei kan vere munnleg, dei andre skriftlege. Oppfylling av dei obligatoriske krava er eit vilkår for å gå opp til eksamen i emnet. Faglærar kan innkalle studenten til samtale før endeleg godkjenning av innleverte oppgåver.

Privatistar kan få avtale om å sleppe dei obligatoriske krava mot å innlevere fleire oppgåver.

Gjennom undervisninga vil tyngdepunkta i emnet bli gjennomgått og forklart med sikte på, i kombinasjon med studentanes sjølvstendige lesing av pensum, å oppnå læringsutbyttet slik det er formulert ovanfor.

Vurderingsformer

Vurderingsformen er én obligatorisk innleveringsoppgave som gis karakterene godkjent/ikke godkjent. Sluttprøva er en skoleeksamen på tre timer.

Det blir gjeve karakter etter en femtrinns bokstavskala fra A til E for bestått og F for ikkje bestått.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 06.03.2012