Spesialiseringsemne i verdshistorie 3513
Læringsutbytte
Læringsutbytte
Kunnskap og forståelse:
* Inngåande kunnskap om enkelttrekk relevant for temaet: t.d. personar, samfunnsgrupper, institusjonar, økonomiske, kulturelle og ideologiske tilhøve, og hendingar knytt til desse.
* Kunnskapar om samanhengar og utviklingstrekk i tidsromet tema dekkjer.
* Kunnskap om metodar brukt i analyser av tema.
* Lære korleis historisk kunnskap er bygt opp.
Ferdigheter:
* Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument i tråd med historiefagets allmenne reglar for kritikk.
* Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av aksepterte terminologiar og teknikkar i faget.
* Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å dra sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
* Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
* Ha kjennskap til informasjons- og søkeverktøy.
Kompetanse:
* Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
* Kunne arbeide sjølvstendig med ei oppgjeven problemstilling.
* Ha evne til å analysere emne frå fleire sider.
* Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale, kulturelle og historiske opphav.
* Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.
Læringsmål
* Å gje inngåande kjennskap til to avgrensa tema i verdshistorie, eitt i tida før 1800 og eitt i tida etter.
* Å gje faktiske kunnskapar om dei to tema knytt til tid, stad, viktige enkeltpersonar og samfunnsgrupper og samfunnsinstitusjonar.
* Gje kjennskap til kjeldegrunnlag og relevant forskingslitteratur for tema.
* Øve opp evna til å vurdere stoffet i emnet kritisk og sjølvstendig.
* Gje kjennskap til tolking av kjelder ved å leggje opp eit utval kjelder relevant for tema.
* Øve opp evna til eigen skriftleg og munnleg framstilling av historisk stoff.
* Trene opp argumentasjon og analytisk tenking.
Innhold
Emnet er forskingsbasert i og med at undervisningspersonalet normalt er sett saman av aktive forskarar. Kjeldemateriale frå forskinga til faglærarane vil kunne bli brukt som døme i forelesingar eller i øvingsoppgåver.
Emnet kan veksle mellom ulike enkelttema, til dømes:
* Samfunn og politikk i antikkens Roma
* Romersk imperialisme
* Slavehandel og slavar.
* Kyrkje og helgenkult i europeisk middelalder
* Utbrotet av første verdskrig
* Sovjetunionen 1917 – 1991.
* Utbrotet av den kalde krigen
Organisering
Undervisninga blir gjeven i form av seminar, unntaksvis forelesing. Totalt undervisningsomfang pr. veke vil normalt ligge på ca. 2 timar.
Undervisninga er obligatorisk. Det er dessutan fastsett obligatoriske arbeidskrav om innlevering av to oppgåver i kvart av dei to hovudtema emnet er sett saman av. Ei av dei kan vere munnleg, dei andre skriftlege. Oppfylling av dei obligatoriske krava er eit vilkår for å gå opp til eksamen i emnet. Faglærar kan innkalle studenten til samtale før endeleg godkjenning av innleverte oppgåver.
Privattistar kan få avtale om å sleppe dei obligatoriske krava mot å innlevere fleire oppgåver.
Vurderingsformer
Skoleeksamen på 6 timar.
Det blir gjeve karakter i kvar prøve etter en femtrinns bokstavskala fra A til E for bestått og F for ikkje bestått.
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Publisert av / forfatter Kristin Midtbø <Kristin.MidtboSPAMFILTER@hit.no>,Nils Ivar Agøy <nils.i.agoySPAMFILTER@hit.no> - 22.02.2011