Spesialiseringsemne i verdshistorie før 1800 - nett 3531N

Læringsutbytte

Kunnskap og forståelse:
* Inngåande kunnskap om enkelttrekk relevant for temaet: t.d. personar, samfunnsgrupper, institusjonar, økonomiske, kulturelle og ideologiske tilhøve, og hendingar knytt til desse.
* Kunnskapar om samanhengar og utviklingstrekk i tidsromet tema dekkjer.
* Kunnskap om metodar brukt i analyser av tema.
* Lære korleis historisk kunnskap er bygt opp.
Ferdigheter:
* Evne til å kritisere, kommentere eller redigere tekstar og dokument i tråd med historiefagets allmenne reglar for kritikk.
* Evne til å kommunisere munnleg om faget ved hjelp av aksepterte terminologiar og teknikkar i faget.
* Evne til kritisk å analysere historiske data, kjelder og litteratur, og til å dra sjølvstendige konklusjonar frå slikt materiale.
* Evne til å organisere kompleks historisk informasjon på logisk konsekvent måte.
* Ha kjennskap til informasjons- og søkeverktøy.
Kompetanse:
* Formidle fagleg innhald både munnleg og skriftleg.
* Kunne arbeide sjølvstendig med ei oppgjeven problemstilling.
* Ha evne til å analysere emne frå fleire sider.
* Ha medvit om og respekt for perspektiv som har ulike nasjonale, kulturelle og historiske opphav.
* Ha kritisk medvit om relasjonane mellom fortida og samtidige hendingar og prosessar.

Læringsmål

* Å gje inngåande kjennskap til to avgrensa tema i verdshistorie, eitt i tida før 1800 og eitt i tida etter.
* Å gje faktiske kunnskapar om dei to tema knytt til tid, stad, viktige enkeltpersonar og samfunnsgrupper og samfunnsinstitusjonar.
* Gje kjennskap til kjeldegrunnlag og relevant forskingslitteratur for tema.
* Øve opp evna til å vurdere stoffet i emnet kritisk og sjølvstendig.
* Gje kjennskap til tolking av kjelder ved å leggje opp eit utval kjelder relevant for tema.
* Øve opp evna til eigen skriftleg og munnleg framstilling av historisk stoff.
* Trene opp argumentasjon og analytisk tenking.

Innhold

Emnet er forskingsbasert i og med at undervisningspersonalet normalt er sett saman av aktive forskarar. Kjeldemateriale frå forskinga til faglærarane vil kunne bli brukt som døme i forelesingar eller i øvingsoppgåver.
Emnet kan veksle mellom ulike enkelttema, til dømes:
* Samfunn og politikk i antikkens Roma
* Romersk imperialisme
* Slavehandel og slavar.
* Kyrkje og helgenkult i europeisk middelalder

Emnet er ein del av det nett- og samlingsbaserte årsstudiet i historie (se eigen plan for dette). Det er meininga at ein tek det saman med oversiktsemnet 3501N.

Organisering

Studieopplegget inneheld tre hovudkomponentar i tillegg til sjølvstendig pensumlesing:
1) Samlingar med forelesingar – ein i byrjinga og ein i slutten av semesteret, kvar på to dagar (fredag ettermiddag og laurdag formiddag).
2) Fronter – vert nytta til utlegging av materiale, inkludert oppgåvetekst til obligatoriske oppgåver, og til alle innleveringar. Lydfilar med faglege foredrag/studiosamtaler vert lagt ut kvar uke. Powerpointar, tekstsamandrag og ikkje-obligatoriske oppgåver vert lagt ut meir sporadisk.
3) Ukentlege gruppesamtalar til faste tider via Skype eller Nefsis. Anna direkte kontakt mellom lærarar og studentar skjer pr. e-post eller ordinær telefon. Det vil også verte lagt til rette for gruppearbeid over nettet.

Vurderingsformer

Vurderinga består av ein skriftlig obligatorisk oppgåve undervegs i kurset og ein skriftleg sluttprøve på 3 timar. Skriftlege eksamenar, der drøftande essay-oppgåver normalt vil vere ein viktig del, er valt for å prøve både studentanes kunnskapar om og forståing av den historiske utviklinga, og deira evne til analytisk og kritisk tenking, jf. punkta om læringsutbytte over.

Den obligatoriske oppgåva får karakteren Bestått eller Ikkje bestått. Sluttprøva får karakter etter ein bokstavskala på fem trinn fra A til E for bestått og F for ikke bestått. Ved bestått obligatorisk oppgåve er det karakteren på sluttprøva som verdt gjeldande karakter i emnet.

Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.

Publisert av / forfatter Eline Flesjø <Eline.FlesjoSPAMFILTER@hit.no> - 02.07.2012